NRK Meny
Normal

Var imot nærpolitireforma – vert sjef for nytt politidistrikt

– Eg har lyst til å vere med å ha ei hand på rattet når eit nytt politidistrikt skal formast, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannesen.

Arne Johannessen

SJEFEN: – Den største forskjellen på å vere politimeister og den nye stillinga, er at eg ikkje vil ha ansvaret for operasjonssentralen. Eg har heller ikkje ansvar for påtale, men elles blir det mykje det same, fortel Arne Johannesen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Han har vore ein av dei sterkaste kritikarane til nærpolitireforma. I går vart regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, utnemnt til ny einingsleiar for driftseininga i Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt.

– Det er litt slik eg er som person. Eg kjempar for mine tankar og idear. Men dersom eg taper må eg berre gjere det beste ut av det, seier Johannesen.

Organiseringa av politiet politisk vedteke, og han ser på det som sin jobb å gjere det beste ut av det. Sjølv nyttar han aldri ordet nærpoliti om reforma.

– Det er eit ord som er mykje harselert med. Personleg seier eg politireform, for det blir feil å seie nærpolitireform.

Ei tid med omstilling

– Eg likar ikkje å sitje som ein passiv tilskodar. Min største motivasjon er å påverke og få til ei god endring i ei tid med omstilling.

No vert han leiar for den geografiske driftseininga i Sogn og Fjordane. Han kjem til å ha ansvaret for regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Det er tre liknande stillingar i Vest-politidistrikt og dei skal rapportere vidare til politimeisteren i Bergen.

Blir mykje patruljering

– Eg skal vere rundt i heile området, men hovudbasen blir i Førde.

Han fortel at politiet vil vere mykje til stades i lokalsamfunnet også i framtida. Det blir både patruljering og skulebesøk.

– Den nye strukturen påverkar ikkje vaktregionane og kontorbygningar er ikkje det viktigaste. Ungdommen treff oss via nett og omdømet til politiet er viktig å bygge opp ved bruk av IKT.

Får ikkje tid til politiske verv

Arne Johannesen har mange forskjellige politiske verv i lokalsamfunnet i Luster. Blant anna som leiar i Luster Ap.

– For å vere ein god politikar må ein vere til stades i lokalsamfunnet. Eg blir mykje vekke og dette tek eg konsekvensen av. Difor trekk eg meg frå alle politiske verv.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.