Hopp til innhold

Førde tok skalpen på Halbrend

Elevane ved Halbrend skule kom til kort mot rivalane frå Førde ungdomsskule i den store «Klassequizen». Skuffa var dei likevel ikkje.

Halbrend skule sine utvalde til Klassequizen

SMILTE ETTER TAP: «You only live once» (Du lever berre ein gong) er mottoet til Lena Fossen (f.v.), Fride Roska og Niklas Helgheim. Difor var dei heller ikkje særskilt skuffa over å bli slått av Førde ungdomsskule i «Klassequizen».

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Førde ungdomsskule trekte det lengste strået i Førde-duellen, med ti rette svar. Med det plasserte dei seg på delt andreplass med fire andre skular i fylket.

Halbrend skule er derimot ute av konkurransen med sine seks av 12 mogelege poeng.

– Vi slår dei i alt anna, så denne sigeren kunne dei få. Vi slo Matre. Dei hadde eitt poeng, gliste trekløveret Lena Fossen, Niklas Helgheim og Fride Roska på Halbrend skule.

Ville vinne Førde

Flatbygdi skule tronar så langt øvst blant skulane i fylket med sine 11 poeng . Vassenden skule, Kvåle skule og Farnes skule følgjer på med ti poeng kvar. Førde ungdomsskule blir den fjerde skulen på delt andreplass.

Johanna Fransson, Mathias Kastet Johnsen og Tore Stensaker Tefre gjekk inn i konkurransen med eitt mål for augo.

– Det viktigaste er å slå Halbrend. Då vinn vi Førde kommune, sa Johanna Fransson før dei skulle i dyst i morgontimane måndag.

Feil om minister

Elevane ved Førde ungdomsskule starta friskt med full pott på kategorien «varm». Deretter bomma dei på fotballspelaren Gustav Valsvik sin heimkommune og kven som tok over som Arbeidsminister i fjor.

Elevane gambla på Lars Peder Brekk, medan det rette svare var Anniken Huitfeldt. Etter oppsummeringa vart det «high fives» for nøgde elevar.

– Vi ville ha minimum ti poeng, så no satsar vi på at det heldt til semifinale, vedgjekk Stensaker Tefre, Fransson og Kastet Johnsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde ungdomsskule sitt lag i Klassequizen

VANN: Johanna Fransson (f.v.), Tore Stensaker Tefre og Mathias Kastet Johnsen sytte for ti poeng til Førde ungdomsskule.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

La lista høgt

Tyngre gjekk det for Fossen, Helgheim og Roska på Halbrend skule som var tydeleg nervøse før dei skulle på lufta på ettermiddagen.

Dei la lista høgt og var likevel ved godt mot før spørsmåla kom.

– Vi er ganske gode på alt, meinte Helgheim og vedgjekk at fallhøgda kunne bli stor. Noko mål om å slå sambygdingane på Førde ungdomsskule hadde dei ikkje.

Smilte for seks poeng

– Vi er ikkje så interesserte i å slå dei. Vi skal ha det gøy. «Yolo» (You only live once) er prinsippet vi lever etter, gliste dei.

Litt skuffa over seks av 12 mogelege poeng på dei tre kategoriane, var det likevel berre smil å sjå hos trioen.

– Det har vi veit du. Det går ikkje ein dag utan at vi smiler, gliste dei.

Spørsmåla Førde ungdomsskule fekk:

Runde 1 – «Varm»

  • Kva heiter produsenten av vedomnar i Norge som har same namn som eit vesen i Harry Potter-forteljingane? Rett svar: Jøtul.
  • Kva heiter verdas største varme ørken? Rett svar: Sahara.
  • Kva for eit land i Sør-Amerika er oppkalt etter ekvatorlina? Rett svar: Ecuador.
  • To stader i Sogn og Fjordane finst det fabrikkar med store omnar som blir varma opp til 950 grader og der det blir framstilt eit metall. Kva to stader snakkar vi om? Rett svar: Årdal (Øvre Årdal) og Høyanger.

Runde 2 – «Heime»

  • 1) Kva fotballag spelar heimekampar på White Hart Lane? Rett svar: Tottenham.
  • 2) Viss oddsen for ein heimesiger er 2,50, kor mykje blir utbetalt viss det blir satsa 50 kroner og det blir gevinst? Rett svar: 125 kroner.
  • 3) I kva land brukast ordet «casa» for heim? Spania–Frankrike – Tyrkia? Rett svar: Spania.
  • 4) I kva kommune er fotballspelaren Gustav Valsvik oppvaksen? Rett svar: Vik.

Runde 3 – «Arbeid»

  • Kva yrke har ein «plumber»? Rett svar: Rørleggjar.
  • Kva stod det over portane på fleire konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen? Rett svar: Arbeit macht frei/Arbeid gjør fri.
  • Kven vart arbeidsminister i Norge i september i fjor? Trond Giske–Lars Peder Brekk–Anniken Huitfeldt? Rett svar: Anniken Huitfeldt.
  • Verksemda Nortura i Førde er avhengige av å få sesongarbeidarar frå utlandet. Kva driv Nortura med? Rett svar: Slakting.

Spørsmåla Halbrend skule fekk:

Runde 1 – «Futt og fart»

  • Kva er høgaste lovlege fart på norske vegar? Rett svar: 100 km/t.
  • Kor mange skot blir Kong Harald saluttert med når han har bursdag? 9 – 12 – 21? Rett svar: 21.
  • Frå kva land kjem bilmerket Ferrari frå? Rett svar: Italia.
  • Han køyrer fort, og i 2012 vart han tildelt Furore-stipend frå Sparebankstiftinga. Kva heiter han? Rett svar: Cedric Fonn Skåre.

Runde 2 – «Fjell»

  • Kva heiter Norges nest høgaste fjell? Glittertind–Snøhetta–Store Skagastølstind? Rett svar: Glittertind.
  • 2) Kva heiter det høgaste fjellet i Sverige? Rett svar: Kebnekaise.
  • 3) Kva er dei tre neste orda i denne songteksten? «Mellom bakkar og berg ...» Rett svar: « ... ut med havet».
  • Dette fjellet på kysten av Sogn og Fjordane er 860 meter høgt, og i segner blir det omtala som heksefjell. Kva heiter fjellet? Rett svar: Hornelen.

Runde 3 – «Blå»

  • Kva for ein Chelsea-spelar skåra det avgjerande straffemålet i Champions League-finalen i 2012? Rett svar: Didier Drogba.
  • Kva for eitt av desse landa har ikkje blått i flagget sitt? Bulgaria–Island–Serbia. Rett svar: Bulgaria.
  • Kva heiter partileiaren i Høgre? Rett svar: Erna Solberg.
  • Kva heiter han som representerer Høgre i Sogn og Fjordane på Stortinget? Rett svar: Bjørn Lødemel.