Hopp til innhold

Var i arbeid, fekk dagpengar

Fjordane Tingrett har dømt ein mann i slutten av 30-åra til fengsel i 30 dagar for å ha teke imot dagpengar medan han var i løna arbeid.

Fleirtalet i retten, dei to meddommarane, meiner mannen har handla aktlaust, medan fagdommaren meiner han med forsett lurde til seg nesten 100.000 kroner i dagpengar.

Aktor hadde lagt ned påstand om fengsel i 75 dagar.

Mannen hadde fast arbeid i Oslo, men tok seg eitt års permisjon for å sjå til sonen, som budde i Florø og som var sjuk. Han melde seg då på Aetat og fekk utbetalt dagpengar. Men etter eit halvt år var sonen så frisk at mannen tok til att i arbeidet sitt i Oslo. Likevel heldt han fram med å fylle ut meldekort til Aetat og fekk utbetalt dagpengar. I alt fekk han 96.844 kroner etter at han hadde teke til i arbeid att og fram til Aetat fann ut at han heva løn frå arbeidsgjevaren sin.

Fleirtalet i Fjordane Tingrett, dei to meddommarane, meiner det er fleire moment som tilseier at den dømde ikkje kjende godt nok til reglane og at det er rimeleg tvil om at han har handla medvite for å skaffe seg urettmessige pengar. Fagdommaren meiner på si side at det ikkje er grunn til å feste lit til forklaringa hans.