Hopp til innhold

Han var den første frå fylket til å delta i den tysk-austerikske hoppveka

Då Anders Fannemel suste ned bakken i Oberstdorf i dag vart han andremann frå Sogn og Fjordane som deltek i den tysk-austerikske hoppveka. Rune Hauge frå Hafslo var førstemann i 1978.

Rune Hauge

I SVEVET: Her er Rune Hauge fotografert under hoppveka i Innsbruck i 1978.

Foto: Asbjørn Risbakken

At han no ikkje lenger er den einaste frå Sogn og Fjordane som har delteke i den segnomsuste hoppveka som denne helga skjer for 61. gong, tykkjer han er berre kjekt.

– Det er kjempeflott med Fannemel, det er veldig bra at det er andre som kjem opp. Eg håpar inderleg at det ikkje tek nye 34 år før det kjem nokon etter Fannemel, ler Hauge.

Sjølv om det er lenge sidan han sjølv stod på hoppkanten i Oberstdorf, hugsar han godt veka i 1978 då han som 19-åring representerte Norge saman med fem andre, mellom anna Roger Ruud og Per Bergerud.

Vart brått mildvêr

– Det var eit vanvitig sirkus med masse pressefolk. Vi vart fotfølgde av pressa heile tida, fortel Hauge.

Kontrasten var stor til å hoppe innanlands. Og vêrgudane gjorde sitt til at forholda var litt annleis enn kva dei var vane til heimefrå.

– Det var plutseleg sørpeføre, og vi var vane til å hoppe på kaldt, tørt føre. Så det var ein skikkeleg overgang, fortel Hauge.

Etter første omgang i Oberstdorf låg han ganske godt an, men det sette snøvêret ein stoppar for.

– Men i andre omgang tok det til å snø. Det lava ned, og han som leia etter første omgang landa midt på kulen. Då bles og snødde det så vanvitig at dei stoppa rennet rett før eg skulle til å hoppe, så det øydela heile rennet for min del, seier Hauge.

Han enda på ein 24. plass i Oberstdorf, og så gjekk turen vidare til Garmish Partenkirchen.

Fall i Garmish Partenkirchen

– Der fekk vi to treningsomgangar, og nyttårsfeiringa vart jo litt spesiell, kan du seie. Vi måtte leggje oss tidleg på kvelden fordi vi skulle opp att grytidleg neste dag, fortel Hauge.

Men også der spelte plussgradane hopparane eit puss, for brått var det nesten vårtemperaturar.

– Vi vakna opp til pluss ti. Det var sørpe og dei måtte salte sporet. Eg datt, så det vart ikkje noko god oppleving der heller, minnest Hauge, som til slutt fekk ein 50. plass i Garmish Partenkircken.

Men så losna det litt for hafslobygdingen.

– I Innsbruck vart eg nummer 18 og hoppa ganske bra, så det var litt kjekt. Der var det normalt vintervêr att. Men det var eit vanvitig trøkk heile tida. Du fekk ikkje ro til å hente deg inn att. Kom du skeivt i gang var det vanskeleg å hente seg att, seier Hauge.

Var handikappa når det gjaldt utstyr

Hoppsporten var inne i ein endringsfase då Hauge var aktiv. Det gjekk føre seg eit generasjonsskifte blant hopparane, samtidig som utviklinga av hopputstyr gjekk føre seg for fullt ute i Europa. Og Norge heldt ikkje heilt tritt.

– Vi var ganske handikappa i høve dei andre, og det lei vi ein del under. Vi klarte ikkje å hevde oss heilt i toppen der nede for dei hadde betre fantomdressar, medan vi kom omtrent med strikkegenser. Dei andre hoppa fort fire-fem meter lenger berre grunna hoppdressen, seier Hauge.

Han legg til at det heldigvis etter kvart kom reglar som bidrog til å standardisere utstyret hopparane nyttar.

– I dag er det meir likt og det er bra for idretten, seier Hauge.

Var eit stort talent

I boka om skisporten i Sogn og Fjordane vert han karakterisert som den einaste hopparen frå Sogn og Fjordane som har nådd opp mot den internasjonale hoppeliten.

Han slo gjennom alt som gutehoppar, og kom frå ein svært aktiv familie. Både søsken og foreldre var aktive på mange felt, og det i kombinasjon med gode idrettsforhold på Hafslo, trur han var medverkande til at han vart så god som han vart.

– Pappa dreiv med skihopping i sin ungdom. På Hafslo er det innanlandsklima med mykje snø, og det har i alle år vore eit flott hoppmiljø på Hafslo. Det var naturleg for oss å byrje med skihopp, og så hadde vi pappa som trenar, fortel Hauge.

Også storebroren Rolf var ein svært habil hoppar med mange gode plasseringar, men han gav seg litt tidlegare enn Rune som konkurransehoppar.

Hauge vann som tiåring juniorklassen i Bjønnarennet i Jostedalen med eit hopp på 42,5 meter. Då han eigentleg berre var ni og eit halvt år, måtte han søkje Skiforbundet om å få hoppe i den store bakken.

Forstod han måtte austover

Som femtenåring vann han fylkesmeisterskapen i Jølster og slo alle seniorane. I lokale renn i Sogn vann han alt som kunne vinnast.

Han forstod raskt at dersom det skulle bli noko meir satsing på skihopping, måtte han flytte frå Hafslo til eit større miljø, og i 1973 flytta han til Oslo då han var ferdig med ungdomsskulen. Året før hadde storebroren Rolf flytta til hovudstaden for å studere, så heilt åleine var han ikkje.

Resultata let ikkje vente på seg. Første året vart han nummer to i NM for juniorar.

– Året etter vart eg teke rett inn på juniorlandslaget der eg var to år. Så vart eg og Roger Ruud teke opp på seniorlandslaget medan vi var juniorar. Og så var sirkuset i gang, minnest Hauge.

Var på landslaget i fire år

Mellom anna slo han Per Bergerud i junior-NM i 1976, og fekk førsteplass og Skiforbundet sin pokal. Han tok også sølv i Europa-meisterskapen for juniorar i Lathi etter Toni Innauer.

I 1977 vart han Norges beste hopar i Skuibakken med ein fjerdeplass i konkurranse mot dei beste i verda. Han var på landslaget i fire år, frå 1977–1980.

I tillegg til deltaking på den tysk-austeriske hoppveka har han delteke på den sveitsiske hoppveka, Falunspelen, Lathirenna, samt mange renn i Holmenkollen før han gav seg som aktiv hoppar som 24-åring.

Sjølv om det er nokre år sidan han la hoppskia på hylla er han sterkt engasjert i hoppsporten også i dag. Han har vore leiar i hoppgruppa i Rælingen dei siste seks åra, og følgjer hoppeliten tett.

Trur Fannemel har det som trengs

– Fannemel er eit kjempetalent, og eg trur han kan nå langt. Han har rett innstilling og ein flott kropp som matchar dagens måte å hoppe på ski på. Han er lett og liten og slepp å fokusere på det å gå ned i vekt. Når han har dagen er han heilt på topp i verda, det er ikkje tvil om det, seier Hauge.

Han peikar på at trykket frå media også er ei påkjenning når ein driv idrett på eit slikt nivå.

– Gjer han den minste feil, om det berre er på trening, så er journalistane på han og spør kva og kvifor. Klarar han å stengje dei ute og fokusere på oppgåvene, så lukkast han, seier Hauge.

Han meiner Fannemel bør bruke årets hoppveke til å lære.

– Det gjer ikkje noko om han ikkje er i toppen denne gongen, men lukkast han så er det ein bonus, seier Hauge.