Hopp til innhold

Var budd på Vest Tank-tiltale

Advokaten til tidlegare styreformann i Vest Tank, Trond Emblem, er ikkje overraska over klienten hans må møte i retten etter eksplosjonen i mai 2007.

Trond Emblem, tidligere eier i Vest Tank

Tidlegare eigar i Vest Tank, Trond Emblem, og advokaten hans, Per Magne Kristiansen, var budd på tiltale etter eksplosjonen.

- Vi har venta på den ganske lenge. I høve siktinga er det ikkje så veldig mange punkt den er utvida på. Vi tek den til etteretning og tek innhaldet med ganske stor ro, seier Per Magne Kristiansen, forsvararen til Emblem.

Var budd på tiltalen

Økokrim har teke ut tiltale mot både den tidlegare styreformannen og tidlegare dagleg leiar Jostein Berland . Også deira kjemiske rådgjevar Karl Jan Erstad er tiltalt. Både Emblem og Berland er tiltalt for miljøkriminalitet, medan Emblem også er tiltalt for økonomisk kriminalitet.

- Vi var budd på tiltalen, utanom to punkt som går på bedrageri og forsikring. Det har først kome opp dei siste vekene, seier Kristiansen.

Tiltalt for bedrageri

Tiltalen på utruskapet bygger på at han i 2007 skal ha kjøpt to lagertankar via eit anna selskap der han var eigar, og på denne måten skal ha påført Vest Tank ein ekstrakostnad på minst 3,7 millionar kroner.

Han er også tiltalt for forsikringsbedrageri på minst 3,7 millionar kroner i samband med kjøp av to tankar etter eksplosjonen. Han skal då ovanfor forsikringsselskapet ha opplyst at tankane kosta 8,6 millionar kroner.

- Feilaktig faktum

Økokrim meiner han ikkje har opplyst at selskapet der han var eigar, hadde kjøpt tankane for 4,3 millionar kroner.

- Vi meiner at desse punkta av tiltalen er bygd på eit feilaktig faktum. Det meiner vi vil bli avklara ganske greitt i ei hovudforhandling, seier Kristiansen.