Var 300 kilo for tung

Varebilen måtte bli 300 kilo lettare før den fekk rulle vidare frå trafikkontrollen i Stigedalen i Eid i går kveld. I same kontrollen fekk to førarar åtvaring for brot på køyre- og kviletida. Eit køyretøy vart avskilta på grunn av manglande EU-kontroll. I alt 22 køyretøy vart kontrollerte.