Hopp til innhold

Vanskelege køyreforhold fleire stader

Nedbør og vind gjer at det i morgontimane torsdag er stengt over Vikafjellet og kolonnekøyring over Strynefjellet.

Vikafjellet 080115

SNØFOKK: Slik såg det ut på Vikafjellet ved halvsjutida torsdag morgon.

Foto: Statens vegvesen

Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen i Lærdal er alt anna enn optimist med tanke på køyreforholda i høgfjellet i dag og utover mot helga.

– Vikafjellet er stengt, det vart stengt i går kveld i nitida, og utsiktene for opning kan vere både og. Det er mykje vind og nedbør, så eg kan ikkje garantere for noko opning i dag, seier Erikstad til NRK.

På Strynefjellet er det no innført kolonnekøyring, og han trur dette kan vere ein forsmak på det som kan kome av vêr og vind i helga.

– På Hemsedalsfjellet og Tyin-Årdal er det redusert sikt. Elles er det ikkje meldingar om store problem. Slapseføre i Sogndalsdalen, men utover det er det mykje berre vegar i låglandet, rapporterer Erikstad.

Trykk her og hald deg oppdatert på situasjonen på vegane rundt om i landet.