Hopp til innhold

Varslar storm og mykje snø - kan lamme trafikken mellom aust og vest

Det er meldt skikkeleg dårleg vêr i fjellet, og det kan fort bli stengingar og kolonnekøyring mellom Aust- og Vestlandet.

Kø på Hemsedal

KAN BLI VANSKELEG: Bilkø på Hemsedalsfjellet rett før jul. No blir det meld om svært vanskelege køyreforhold på fjellovergangane mellom aust og vest frå fredag.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Vegtrafikksentralen i Lærdal er klokkeklare i sine råd til vegfarande no dei neste døgna: Sjekk vegmeldingane, eller ring 175.

– Det er all grunn til å vere varsam, og vêrmeldingane er alt anna enn lysteleg lesing. Det kjem mykje nedbør og vind i fjellet, og med den snøen som alt er der kan køyreforholda bli vanskelege, seier Ketil Molvær i Statens vegvesen til NRK.

Det er venta mykje trafikk både aust- og vestover i helga etter at mange har hatt lang juleferie, og særleg belastning vil det bli på fjellovergangane mellom aust og vest.

Ekstremvêret Mons, som herja frå Trøndelag og nordover løya, og tilhøva på fjellovergangane i Midt- og Nord-Norge er betre. Det verste vêret vil råke Vestlandet og Sørlandet no dei næraste dagane, med dei følgjer det kan få for trafikken.

Kan lamme aust-vest-trafikken

Førebels er det no stengd på riksveg 13 over Vikafjellet og kolonnekøyring på riksveg 7 over Hardangervidda. Det er torsdag kveld fri ferdsel på fylkesveg 50 Aurland-Hol.

– Men Hardangervidda kan bli stengd på kort varsel alt no i kveld, både for personbilar og lastebilar under 7,5 tonn, opplyser trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen i Bergen, Morten Hansen.

Det same gjeld fylkesveg 50 Aurland-Hol, europaveg 134 over Haukelifjell, riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og E16 over Filefjell.

– Er du i tvil, så vil det nesten alltid vere best å køyre E16 over Filefjell. Det er og basert på dei tilbakemeldingane vi får frå brøytesjåførane våre, seier Molvær.

Her kan du halde deg oppdatert på veg og trafikk

Melder full storm i fjellet

Statsmeteorolog Anne-Mette Olsen ved Vêrvarslinga på Vestlandet trur det kan bli vanskeleg å halde fjellovergangane opne fredag.

– Det er meld storm, og til dels full storm i fjellet fredag, samstundes som det vil kome mykje nedbør i form av snø heilt ned til rundt 200 meter over havet, seier Olsen.

No blir det mykje kaldare

Fredag vil bli den verste dagen, men også gjennom helga vil det vere mykje vind utsette stadar og det vil bli mykje kaldare.

– Etter kvart vil det bli kuldegrader i nesten heile fylket, og snøgrensa vil gå langt lågare enn den har gjort dei siste dagane, seier Olsen.