NRK Meny
Normal

Vanskelegare å få lån

- Næringslivet har ikkje teke innover seg at finanskrisa vil gjere det vanskelegare å få lån, seier administrerande banksjef Arvid Andenæs.

Sparebanken Sogn og Fjordane
Foto: NRK

Sjefen for Sparebanken Sogn og Fjordane er redd for at han skal miste gode kundar fordi banken må seie nei til nye lån. For Andenæs må stille strengare krav til utlån no enn før.

Arvid Andenæs
Foto: Pressefoto / Sparebanken SOF

- Vanskeleg skvis

- Vi kjem i ein veldig vanskeleg skvis mellom å ta omsyn til vår eigen tryggleik, likviditet, utvikling og risiko, samstundes som vi sjølvsagt ynskjer å vere med på å finansiere sunne og nye prosjekt i fylket. Det å klare den balansegangen er vår store utfordring for tida.

- Kan bli ståande på vent

Finanskrisa gjer at han må vere meir varsam med utlån. Gode prosjekt kan bli ståande på vent.

- Eg er redd for at det kan bli resultatet fordi alle bankane som er så store at dei er med i næringslivsmarknaden på den typen prosjekt er råka av finanskrisa, seier Arvid Andenæs.

Ikkje med i krisepakken

I førre veke var Andenæs i møte med Norges Bank. For krisepakken frå regjeringa vart ikkje noka tidleg julegåve for Sparebanken Sogn og Fjordane. Politikarane har varsla at det kjem justeringar, slik at også krisepakken vil hjelpe mindre bankar.

- Meir restriktive

Men førebels må Andenæs klare seg utan drahjelp frå styresmaktene. Det vil næringslivet få merke.

- Det er ikkje veldig mange vi har sagt nei til enno, men vi må vere meir restriktive framover til vi ser at likviditetet fungerer i bankmarknaden og vi er trygge på at vi kan svare for våre forpliktelsar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.