Hopp til innhold

Vanskeleg, men ikkje umogeleg

Oppgåva er klar: Førde VBK må vinne 3-0 over Nyborg for å bli seriemeister i volleyball.

Frank Kalstad

TRENAR MED GOD TRU: Frank Kalstad trur Førde kan vinne 3-0 over Nyborg.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førde-trenar Frank Kalstad håpar på god støtte frå publikum under seriefinalen i Førdehuset laurdag ettermiddag. I så fall meiner han dei kan greie oppgåva:

– Det blir vanskeleg, men slett ikkje umogeleg.

Nyborg toppar tabellen med 47 poeng, Førde har 44. Det er ein høgst teoretisk sjanse for at Førde kan passere Nyborg også med 3-1-siger, men då må bergensarane bankast med veldig klare settsiffer i tre sett.

– Må betre mottak og serve

Det reknar ikkje Kalstad med er særleg realistisk, og difor er målet å vinne 3-0.

– Då vi tapte cupfinalen mot Nyborg vann vi førstesettet 25-22, så vann Nyborg det neste med 25-23, også fjerdesettet var jamt lenge. Det vi tapte på var mottaka og servane. Det må vi bli betre på denne gongen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Førde spelar cupfinale mot Nyborg.

MÅ VINNE 3-0: Førde-spelarane i cupfinalen mot Nyborg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

LES OGSÅ: Førdespelarane lurt av nervane

LES OGSÅ: – Vi har nervane under kontroll

Og mottaka trur han kan bli betre med Geir Eithun som libero.

– Dette kan vere eit pluss for oss, det same kan vere Jonas Kvalen som angripar i staden for oppleggar.

- Nyborg ikkje i si beste form

For Førde kan det og vere ein fordel av Nyborg kjem til seriefinalen i nokså trygg forvissing om at dei skal innkassere seriemeisterskapen, og at laget dermed ikkje er 100 prosent skjerpa.

– Dessutan har ikkje Nyborg vore i si beste form i det siste, dei tapte sett mot Kristiansund og poeng mot Tromsø, så det er langt frå uoverkomeleg å vinne 3-0.

(Artikkelen held fram under biletet).

Trenarane Ivar Bakken og Frank Kalstad.

NYTT MØTE: Nyborg-trenar Ivar Bakken (t.v.) og Frank Kalstad.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Har ikkje champagne i bagasjen

Men Nyborg-trenar Ivar Bakken har ikkje tenkt at laget skal gå i fella med å ha teke seriemeisterskapstittelen på forskot.

– Det er fort gjort å tape 3-0 dersom vi ikkje er topp skjerpa. Vi har slite mot Førde i heile sesongen, og greier Førde å spele godt ein heil kamp kan det lett skje.

Han forsikrar at Nyborg ikkje har med seg champagne i bagasjen.

– Det var ein i laget som dreiv og tok med seg slik drikke i nokre sesongar. Men det vart for mange gonger champagnen vart tekne med heim uopna, og difor har vi slutta med slikt.

Ivar Bakken stiller med sitt sterkaste mannskap, men han er litt usikker på om han kan bruke oppleggar og kaptein Kåre Morken, som fekk ein skade på trening.