Hopp til innhold

Vanskeleg sløkkearbeid under skogbrann

Kraftig vind skapar utfordrande sløkkearbeid i Lavikdalen. Eit område på åtte dekar står i brann.

Mannskapane har hatt ein krevjande jobb i fjellsida.

ALLE KALLA UT: Mannskapa har hatt ein krevjande jobb i fjellsida.

Foto: NKR-tipsar

Like over klokka 20 melder Alarmsentralen at ein har kontroll på brannen, men at den framleis ikkje er heilt sløkt.

– 19 personar frå Sivilforsvaret skal passe på området i løpet av natta. I tillegg er det to frå brannvesenet. Det er litt opp og ned med vinden framleis, men det er meldt at vinden skal minke i løpet av natta, seier vakthavande hjå Alarmsentralen.

Klokka 18.12 melder politiet at brannmannskapa har fått delvis kontroll og oversikt over brannen.

Jan Arild Nervik

KREVJANDE: Alt av tilgjengeleg mannskap er kalla ut, seier innsatsleiar Jan Arild Nervik i politiet.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

– Vi har kontroll over brannen, men vi vil drive ettersløkking der det eventuelt blussar opp. Sivilforsvaret og brannmannskap skal også halde vakt i området gjennom natta, seier innsatsleiar for politiet Jan Arild Nervik.

Tidlegare laurdag kunne han fortelje om eit krevjande sløkkearbeid.

– Brannmannskapa har byrja å få kontroll, men det er mykje vind og vanskeleg å få heilt kontroll. Brannen blussar stadig opp igjen når vindkulene kjem, seier innsatsleiar frå politiet, Jan Arild Nervik.

Brannmannskap frå Høyanger og Hyllestad deltek i arbeidet.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Alt mannskap kalla ut

Brannen vart meldt inn i 15-tida laurdag ettermiddag. Eit området på kring åtte dekar stod då i brann. Skogbrannen er i området Templane, mellom øvre og nedre Lavikdal i Høyanger kommune.

– Alt tilgjengeleg brannmannskap er kalla ut, og Sivilforsvaret er også kalla inn, og vi ventar på eit skogbrannhelikopter.

Vanskeleg å sløkke.

UTFORDRANDE: Kraftig vind gjer det vanskeleg å sløkke brannen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Brannmannskap frå Høyanger og Hyllestad deltek, og Sivilforsvaret stiller med åtte personar. Dei er venta å vere på plass i 19-tida, medan helikopter er venta kring klokka 18.

Politiet opplyser like før klokka 18 at helikopteret ikkje vil delta i sløkkearbeidet før tidlegast søndag morgon.

– Helikopteret kjem, og skal vere klar til arbeid frå søndag om det er behov. Grunnen til at dei ikkje kan starte no skal vere flytida til mannskapet, seier Ole Tom Nord ved operasjonssentralen.

– Utfordringa er at det er kraftig vind i området, og det brenn litt her og der, sa vaktleiar hjå Alarmsentralen tidlegare laurdag.

Skogbrannen er kring 7,5 kilometer frå Lavik sentrum. Det skal ikkje vere fare for folk eller bygningar. Kva som har starta brannen veit ein heller ikkje.