Like over klokka 20 melder Alarmsentralen at ein har kontroll på brannen, men at den framleis ikkje er heilt sløkt.
– 19 personar frå Sivilforsvaret skal passe på området i løpet av natta. I tillegg er det to frå brannvesenet. Det er litt opp og ned med vinden framleis, men det er meldt at vinden skal minke i løpet av natta, seier vakthavande hjå Alarmsentralen.
Klokka 18.12 melder politiet at brannmannskapa har fått delvis kontroll og oversikt over brannen.
– Vi har kontroll over brannen, men vi vil drive ettersløkking der det eventuelt blussar opp. Sivilforsvaret og brannmannskap skal også halde vakt i området gjennom natta, seier innsatsleiar for politiet Jan Arild Nervik.
Tidlegare laurdag kunne han fortelje om eit krevjande sløkkearbeid.
– Brannmannskapa har byrja å få kontroll, men det er mykje vind og vanskeleg å få heilt kontroll. Brannen blussar stadig opp igjen når vindkulene kjem, seier innsatsleiar frå politiet, Jan Arild Nervik.
Alt mannskap kalla ut
Brannen vart meldt inn i 15-tida laurdag ettermiddag. Eit området på kring åtte dekar stod då i brann. Skogbrannen er i området Templane, mellom øvre og nedre Lavikdal i Høyanger kommune.
– Alt tilgjengeleg brannmannskap er kalla ut, og Sivilforsvaret er også kalla inn, og vi ventar på eit skogbrannhelikopter.
Brannmannskap frå Høyanger og Hyllestad deltek, og Sivilforsvaret stiller med åtte personar. Dei er venta å vere på plass i 19-tida, medan helikopter er venta kring klokka 18.
Politiet opplyser like før klokka 18 at helikopteret ikkje vil delta i sløkkearbeidet før tidlegast søndag morgon.
– Helikopteret kjem, og skal vere klar til arbeid frå søndag om det er behov. Grunnen til at dei ikkje kan starte no skal vere flytida til mannskapet, seier Ole Tom Nord ved operasjonssentralen.
– Utfordringa er at det er kraftig vind i området, og det brenn litt her og der, sa vaktleiar hjå Alarmsentralen tidlegare laurdag.
Skogbrannen er kring 7,5 kilometer frå Lavik sentrum. Det skal ikkje vere fare for folk eller bygningar. Kva som har starta brannen veit ein heller ikkje.