Neste helg er det returkamp på bortebane, og kaptein Arild Undheim vedgår at dei no har gjort det svært vanskeleg for seg sjølve. Ting er ofte lettare sagt enn gjort. Førde sitt mannskap har nemleg lenge snakka om at eit Kristiansund-lag fri for sandvolleyball-stjerner skal vere forholdsvis grei skuring. Men slik vart det altså ikkje, og forklaringa ligg i blokkarbeidet.
Men alt håp er ikkje ute. Til helga er det returoppgjer i Kristiandsund. Skulle Førde slå Kristiansund på laurdagen blir det ein siste og avgjerande kamp på søndagen. Og skal vi tru kapteinen er det eit nokså revansjesugent lag som reiser nordover.