Hopp til innhold

Vanskeleg å tolke korleis vêret blir

Grunna lågtrykk som sirklar rundt fleire stader har det vore vanskeleg å tolke korleis vêret blir. No er det sendt ut gult farevarsel for mykje nedbør i indre Sogn.

Vêret

LÅGTRYKK: Lågtrykket er ustabilt.

Foto: yr.no

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I ettermiddag blir kan det lokalt kome over 30 millimeter nedbør på 6 timar. Det er sendt ut gult farevarsel for indre Sogn.

Gult Farefvarsel for nebør i Sogn

FAREVARSEL: Mykje nedbør lokalt i indre Sogn.

Foto: yr.no

Gjer det vanskeleg å tolke

Denne veka er siste rest av skuleferien for mange, men korleis vêret blir har vore vanskeleg for meterologane å sjå. Grunna lågtrykk som ligg utfor kysten ved Island, Trøndelag og kysten Vestlandet, var det i dag tidleg nesten umogleg å vite heilt sikkert korleis vêret ville arte seg.

– Det er ein rimeleg kaotisk situasjon, seier meteorolog Lars Andreas Selberg.

Meteorolog Lars Andreas Selberg ved Vêrvarslingar på Vestlandet

VANSKELEG Å SPÅ: – Det er vanskeleg å vere nøyaktig, seier meteorolog Lars Andreas Selberg.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Lågtrykket som sirklar gjorde det vanskeleg for meteorologane å konkludere med noko.

– Modellen slit med å plassere kvar det kjem nedbør, seier Selberg.

Det dei kunne sjå, var at det stort sett blir skya. Lågtrykket som ligg utfor kysten no vil gå lenger inn over land i morgon. Det kjem til å blåse nordvest liten kuling på kysten, og at det kan kome meir regn lenger inn i landet. Då blir det kanskje lågare skyar og jamt med regn.

– Det er ein ustabil situasjon. Vi er inne i ein uforutsigbar periode, seier Selberg.

No kan dei sjå at nebøren vil falle over indre Sogn i ettermiddag.