Hopp til innhold

Vanskeleg å rekruttere toppleiarar - fleire stillingar utlyste for andre gong

Å finne rette kandidatar til toppleiarstillingar i Sogn og Fjordane er krevjande. At det tek opp mot eitt år å få tilsett nokon i ei slik stilling her i fylket, er ikkje unormalt.

NAVs nettside - ledige jobber

LEITAR: Rekrutteringsselskapa har ein krevjande jobb med å finne kandidatar til toppleiarstillingar i Sogn og Fjordane.

Foto: Faksimile: NAVs nettside

– Generelt sett er det vanskelegare enn når vi skal gjere den type rekruttering i byane. Det er vanskelegare å finne kandidatar som er villige til å flytte på seg, og det er vanskelegare å finne den rette kompetansen lokalt, seier direktør for Adecco search and select, Guri Larsen.

Søkjarlistene er relativt korte når toppleiarstillingar vert lyst ut på mindre plassar.

Få som har rett kompetanse og bakgrunn

Å finne kandidatar til slike stillingar i Sogn og Fjordane er utfordrande, stadfestar Larsen.

– Vi har jobba ein del med toppstillingar i Sogn og Fjordane, der vi har halde på lenge før vi har funne rett kandidat. Det kan gå opp mot ti månader eller eitt år. Det er lenge i høve til kor lang tid vi normalt sett brukar på ei rekruttering, seier Larsen.

Ho peikar på at når det er snakk om mindre miljø og mindre samfunn, så er det ikkje så mange som har rette kompetansen og bakgrunnen når det er snakk om toppleiarstillingar.

Mellom anna Helse Førde slit med å få søkjarar til to viktige direktørstillingar ved sjukehuset. Stillinga som økonomidirektør og direktør for kirurgisk klinikk er no lyst ut for andre gong.

Søkjer seg heller mot større byar

Då fristen gjekk ut var det berre kome sju søknader til dei to stillingane, seier Arne Skjelten, personaldirektør i Helse Førde.

– Vi fekk søkjarar i første runde, men vi ønskjer å ha eit breiare utval å velje mellom, så vi har valt å lyse ut stillingane på nytt, seier Skjelten.

Han stadfestar at det er krevjande å finne folk til denne type stillingar.

– Svaret er nok både ja og nei. Vi har ein del søkjarar som ønskjer å prøve seg som toppleiarar, og det er mange gode kandidatar i Sogn og Fjordane. Men vi ser også at det er ei utfordring at mange som ønskjer seg toppleiarstillingar, søkjer seg mot større byar, seier Skjelten.

Lettare å finne folk som vil pendle

Tal frå NAV viser at det er 20 leiarstillingar av 143 totalt, som er lyste ut i Sogn og Fjordane på noverande tidspunkt. Tre av stillingane er lyste ut for andre gong.

Det vert søkt etter både direktørar, avdelingsleiarar i helsesektoren, rektorar, daglege leiarar og sjefar for ulike tenestetilbod i kommunane.

Ofte må ein sjå seg om utanfor fylkesgrensene for å finne dei rette til jobbane.

Larsen i Adecco, seier dei brukar tid på å finne folk som er villige til å flytte på seg permanent.

– Vi klarar å finne kandidatar som kan pendle over ei viss periode, men det er ikkje ei haldbar løysing på sikt for dei bedriftene det gjeld, seier Larsen.

Ho seier at ein godt kunne ønskt at fleire ønskte å flytte heim når den rette jobbmoglegheita baud seg.

– Men det er nok heller unnataket enn regelen at vi finn kandidatar som ønskjer å flytte heim etter å ha etablert seg ein annan stad, seier Larsen.

Lettare å bli sett på «landet»

Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket, meiner det er viktig å snakke positivt om karrieremulegheitene som finst i fylket.

– Her er det mogleg å bli sett kjapt. Ein nyutdanna som byrjar her, ville fort få meir ansvar enn ein ville gjort dersom ein byrja i eit stort konsern eller stort miljø i ein av byane, seier Rukan.

Gro Rukan

TENK POSITIVT: Dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan, meiner toppleiarane må lage nettverk.

Foto: Thomas Bickhardt

Ho har også tru på leiarnettverk.

– At toppleiarane i fylket lagar nettverk seg i mellom, at dei er flinke til å spele på lag og jobbe saman. Det er på tide at dei sluttar å snakke om berre tilbake og heim att, og at problemet vårt er at ungdommen ikkje kjem heim, seier Rukan.

Men for enkelte kan det sitje langt inne å bestemme seg for å flytte til fylket for ei toppleiarstilling.

– Litt av dette er nok at ein er meir eksponert i Sogn og Fjordane. Det er eit mindre miljø, det er lettare å ha oversikt, og ein vert meir eksponert i media viss ein sit i ein toppleiarstilling. I større byar, sit ein nok litt meir gøymd, seier Skjelten.