NRK Meny
Normal

Vann, men tapte likevel

Marginane var ikkje på damelaget til Førde volleyballklubb si side i returoppgjeret mot Randaberg.

Førde Volleyball

NESTEN: Damelaget var så nære, men måte likevel sjå seg slått i innspurten av Randaberg. (Arkivfoto).

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi slår serieleiaren med 3–1 i sett, men så taper vi golden sett knipent, seier nestleiar Førde volleyballklubb, Jan Ove Hafstad.

Han var vitne til ein høgdramatisk kamp i Førdehuset. Etter å ha tapt 3–1 i første semifinale i NM-sluttspelet, var laget budde på ein på heimebane, der dei måtte vinne. Og ikkje berre det, skulle dei vinne samanlagt måtte dei vinne 3–0 eller vinne 3–1 og vinne det korte og avgjerande golden sett. Førde kjempa iherdig og leia klart 2-0, men så ramla dei saman i tredje sett.

Jan Ove Hafstad og Alexander Dvergsdal

OPTIMIST: Jan Ove Hafstad, nestleiar i styret for Førde volleyballklubb, trur begge laga går ei lys framtid i møte med unge spelarar som vil mykje.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det kunne gått begge vegar, og vi har fire feilservar og nokre personlege feil i det avgjerande settet, fortel Hafstad.

Byggjer stein på stein

Målsettinga til klubben var å ta seg til finalen i NM, men han meiner det ikkje er nokon grunn for damelaget å deppe.

– Det er utruleg bra å spele så godt, og det var ein kjempeartig kamp.

Også herrelaget spelte returkamp i semifinalen i NM mot Viking. Dei hadde også eit dårleg utgangspunkt, etter å ha tapt 1–3 på heimebane tidlegare. For dei vart det tap 3–0.

– Herrelaget har kome mykje lenger enn vi hadde håpt og trudd i fjor. Motstandarane er på vakt når dei møter oss. Vi har eit ungt lag, og har dessverre hatt mange skadar på sentrale spelarar i haust, seier nestleiaren.

Sjølv om det ikkje gjekk vegen for nokon av laga i dag, er han optimistisk med tanke på at begge laga har lagt gode grunnlag for neste sesong og spel i nordisk cup og europacup.

– Våre strategiar og mål gjeld for fem år framover, og vi er berre inne i første året og ei oppbyggingsfase, understrekar Hafstad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.