Hopp til innhold

Ho vann veddemålet – sjekk den premien

Ragnhild Seljeset tok til tårene då garasjeporten hos onkelen gjekk opp i går kveld. Der stod nemleg beviset på at ho har vunne det gamle veddemålet dei imellom.

Ragnhild Seljeset fekk ein bil etter å ha vunne veddemålet mot onkelen

OVERRASKA MED BIL: Ragnhild Seljeset skal snart ta oppkøyringa på bilsertifikat. No har ho fått ekstra press på seg, etter at ho i går fekk bil av onkelen.

Foto: Privat

– Eg fekk heilt sjokk og byrja å grine, fortel 18-åringen frå Hornindal.

Ho gjekk på barneskulen då veddemålet med onkelen først var tema. Den gongen hadde ho nok aldri trudd at ho skulle få ein blankpolert Audi A3 i premie.

Heller ikkje i går var ho budd på overraskinga onkelen hadde på lur.

Lova vekk bil til oppkøyringa

Vi spolar tilbake i tid. Då Ragnhild vart fødd i april 1999 vart ho den første niesa til onkelen, Kjetil Grodås, og dei to fekk eit tett forhold.

Grodås drikk ikkje alkohol, og i oppveksten opplevde Ragnhild at onkelen ville at ho også skulle halde seg unna. På eit tidspunkt vart dei to samde.

– Eg sa til ho: Viss du klarar å halde deg unna alkohol fram til du er 18 år, så skal eg kjøpe bil til deg når du får sertifikat. Det er jammen greitt, sa ho då, fortel Grodås (38).

Han meinte niesa ville ha fordelar som aktiv skiskyttar dersom ho heldt seg unna alkohol. Ragnhild sjølv seier valet om å halde seg unna alkohol var eitt ho ville ha teke uavhengig av veddemålet med onkelen.

– Eg var litt oppteken av å klare det. Eg ville ikkje vere som alle andre, seier 18-åringen.

Byrja spare pengar

Kjetil Grodås kjøpte ein Audi A3 i premie til niesa som vann veddemålet

TRYGG OG GOD BIL: Kjetil Grodås seier avtalen med niesa først var at ho skulle få ein kabriolet om ho vann veddemålet. I seinare tid har dei blitt samde om at det er betre med ein meir normal bil. Valet fall til slutt på ein Audi A3.

Foto: Privat

Ifølgje Ragnhild skal onkelen lenge ha hatt sine tvil om ho ville klare det.

– Han har spurt meg ein del gonger om eg har drukke.

Ragnhild har svart nei kvar gong. For halvanna år sidan byrja det å gå opp for onkelen at niesa kom til å vinne veddemålet. Då byrja han å sette av pengar kvar månad.

– Ragnhild er ei veldig påliteleg jente. Hadde ho gjort det, hadde ho sagt det, seier Grodås.

– Eg har lært

Kjetil Grodås gav vekk bil til niesa etter at ho vann veddemål

HELDT SIN DEL AV AVTALEN: Kjetil Grodås har aldri vore inne på tanken om å ikkje halde sin del av avtalen. Etter å ha avslørt premien for niesa i går, delte han dette på Facebook.

Foto: Skjermdump/Facebook

I april fylte Ragnhild 18 år, og onkelen konstaterte at han hadde tapt veddemålet. Sidan har dei to sett litt på bilar saman, før dei sist veke bestemte seg for å legge det på is.

Oppkøyringa til Ragnhild nærmar seg, og utan at niesa visste det fekk Grodås tak i ein bil. I samarbeid med Ragnhild sin kjæraste lurte onkelen ho opp i garasjen sin i går kveld. Då garasjeporten gjekk opp såg han tårene trille på niesa.

– Det var artig. Det vart litt tårer, men det gjekk fort over. Eg veit ikkje om ho heilt trudde på at ho skulle få ein bil, seier Grodås.

– Du har fleire onkelungar, har du inngått fleire veddemål?

– Nei, eg har lært, ler Grodås.

Kjetil Grodås kjøpte ein Audi A3 til niesa som vann veddemålet

VIL IKKJE LOVE VEKK FLEIRE SLIKE: Broren til Ragnhild nærmar seg snart 18 år, men onkelen torer ikkje å inngå eit liknande veddemål med han. – Men eg fadderen hans, så kanskje eg må til med noko lurt til han også når han blir 18, flirer onkel Kjetil Grodås.

Foto: Privat