NRK Meny
Normal

Vann utan å imponere

(Stord–Jotun 22-27): Med speidarar frå kvalifiseringsmotstandarar på tribunen, valde Jotun-damene rett kamp å spele «ruskat».

Olafur Sveinsson og Jotun i timeout

SUKSESS: Med Olafur Sveinsson har Jotun surfa igjennom 2. divisjon.

Foto: Siren B. Svortevik

Med full pott på 18 kampar er årdølane for lengst seriemeistrar i 2. divisjon.

Då Stord vart slått med fem mål på bortebane laurdag, sat speidarar frå kvalifiseringsmotstandar Gjerpen og Volda på tribunen og følgde kampen.

– Eg trur ikkje dei vart skremde av oss i dag, seier sportsleg leiar Torstein Kvam.

Kvam toppscorar

Grøntrøyene leia 13–9 til pause og med berre 12 minuttar at av oppgjeret stod det 20–20 på lystavla.

Torstein Kvam

RUSKETE: Torstein Kvam var ikkje nøgd med prestasjonane til Jotun-damene.

Foto: Siren B. Svortevik

Med unntak av forsvarsspelet i første omgang, lét heller ikkje Kvam seg imponere.

– Det var forferdeleg mykje personlege feil, og presisjonen må vi heilt klart bli betre på til kvalifiseringa. Må må definitivt skjerpe oss til kvalifiseringa om det skal bli opprykk, seier Kvam som såg kantspelar Lene Kvam bli lagets toppscorar med sju mål.

Klasse i 12 minutt

Laget har att tre kampar av sesongen, og Torstein Kvam har tidlegare sagt til NRK at han tvilar på at laget går igjennom utan å avgje poeng .

– Det står eg fast på, men det er tydeleg at jentene vil motbevise meg, humrar han og konstaterer at det var på nippet mot Stord. Først då det stod 12 minutt att av kampen plukka jentene fram storspelet.

– Då viste vi klasse. Jentene var skjerpa og viste at dei var betre trena, seier Kvam.

Søkjer om kvalik

Jotun har sterkt ynskje om å arrangere kvalifiseringskampane i helga. Dette er også noko som er ynskt av det tidlegare topplaget Gjerpen. Ikkje minst på grunn av publikumsoppslutnaden på handballkampane.

– No har vi sendt søknad om å få kvalifiseringa, så då er det berre å håpe på stinn brakke når Bjørnar kjem neste helg så vi får vist forbundet at det er ein god idé, seier Kvam.

– Men har de så mykje meir å by motstandarane enn det de viste i dag då?

– Jaudå, det har vi. Slik sett var det bra at det var «ruskat» i dag. Samstundes må vi vedgå at sjølv om vi er for gode for 2. divisjon, så er vi per no ikkje gode nok for 1. divisjon. Vi må styrke stallen om vi skal opp.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.