Hopp til innhold

Vann Storehesten Opp

Kenyanar stakk av med sigeren i løpet.

John Mnangat Sompol

John Mnangat Sompol vann årets Storehesten Opp suverent.

Foto: Eirin Aardal / NRK

John Mnangat Sompol klarte ikkje å knuse tida si frå i fjor, men var likevel den desidert beste i løypa laurdag.

Ny kvinne

Han kom litt bak fjorårets tid som var 1.04.24. I år sprang han inn på tida 1.06.02.

- Det er veldig bra, seier Helge Kårstad arrangementsjef.

I kvinneklassen dukka det opp eit nytt nam. Det var første gong May Britt Buer frå Gular i Bergen deltok på Storehesten Opp. Og ho stakk likegodt av med sigeren i kvinneklassa med tida 1.21.39.

Det er Kårstad svært imponert over.

- Det var eit meget sterkt løp av ho. Og ho klarte nesten løyperekord.

1250 deltok

Det var 1250 deltakarar, noko Kårstad er nøgd med.

- Det var 150 færre enn i fjor. Men det er det nest beste arrangementet vi har hatt, seier han.

Premieutdelinga byrja klokka 18.00 laurdag og etter det er det skipa til fest i Bygstad.

- Det er band som skal spele, og vi har sett opp bussar frå Førde og Dale slik at alle som vil som bur i området kan ta turen til Bygstad, seier Kårstad.