Hopp til innhold

«Vi har hatt ein hard, intern fight»

Alexander Kirketeig knuste torsdag sin argaste rival og vann sitt femte NM-gull i styrkeløft. Den harde rivaliseringa dei siste månadane gjer dette gullet spesielt.

Alexander Kirketeig

DET DEILIGASTE: Dette gullet er berre eitt i ei rekkje av gull. Men på grunn av hard rivalisering er det det beste.

Foto: Per Gunnar Roalkvam

– Dette er det deiligaste, heilt klart. Spesielt på grunn av «fighten» med Bo, seier Alexander Kirketeig.

Han og rivalen Bo Andre Bergan har i lang tid vore i munnhoggeri på sosiale medium.

– Vi har hatt ein hard, intern «fight» på Facebook over fleire månadar. Begge har vore sikre på siger, seier Kirketeig.

Heile styrke-Norge har engasjert seg

Allereie i fjor brygga det opp til eit møte mellom dei to, men då vart Bo Andre Bergan skadd like før konkurransen.

– Internt i styrkemiljøet har dei fleste fått dette med seg. Det har vore mange debattar, og det har blitt litt sånn «hat-elsk».

Men Kirketeig understrekar at dei to er gode vener, og at det heile er venlegsinna rivalisering.

– Vi er ganske forskjellege, men gode kompisar. Nokre støttar meg, andre Bo.

Etter konkurransen la Bo Andre Bergan ut ei melding på Facebook. Den kan tyde på at styrke-Norge og andre idrettsinteresserte kan gle seg til fleire kampar mellom dei to.

- Takker Alexander Kirketeig for en flott kamp, og gratulerer han som verdig Norgesmester!! Er helt greit med sølv i mitt første seniorNM og jeg lover å komme sterkere tilbake på plattingen!

(Artikkelen held fram under biletet)

Alexander Kirketeig

282 KILO: Etter dette løftet skulle det svært mykje til for å stele gullet frå Alexander Kirketeig.

Foto: Per Gunnar Roalkvam

Trur rivaliseringa er eit gode

Bergan, som berre er 25 år, kjem frå austlandet.

Kirketeig er no 35 år og har vore med lenge. Han representerer klubben Odin i Bergen, etter å ha løfta for Førde heile livet.

Dei to løfta likt i knebøy, med 320 kilo. Men i benkpress var Kirketeig suveren, og pressa opp heile 245 kilo. Etter han klarte 282 kilo i markløft måtte Bergan klare 330 kilo.

– Det var han ikkje i nærleiken av i dag. Dette vart ein komfortabel siger, seier veteranen.

Han seier rivaliseringa kan føre til auka interesse for sporten. Ein sport han har sett vakse enormt gjennom åra han har vore med.

– Styrkeløft-idretten har eksplodert resultatmessig og med antal deltakarar. Derfor er det mykje større å vinne no enn det var for seks år sidan.