NRK Meny
Normal

Øvst på pallen for 162.gong - sigra under Ålesund nyttårsmaraton

I vårlege temperaturar tok Helge Hafsås søndag sin 162.maratonsiger under nyttårsmaraton i Ålesund.

Hornindalsvatnet maraton

VANN ÅLESUND NYTTÅRSMARATON: Helge Hafsås stod i dag øvst på pallen i eit maraton for 162 gong. Biletet vart teke då Hafsås vann sin 160.siger under Hordnindalsvatnet maraton.

Foto: Helge Fuglseth

I alt 24 maratonløparar og 92 halvmaratonløparar starta i årets siste langløp i Norge.
Det var gode forhold for løparane under dagens arrangement i Ålesund.

11 varmegrader, oppholdsvêr, men litt vind var ramma rundt løpet der Helge Hafsås vann med god margin. Oldenløparen kom i mål på tida 2,50.44. Andremann Ole Rosengren var omlag ti minutt etter i mål.

Marcus Vedeler frå Eid IL debuterte i maratonløpet og fekk tida 4,04.59.

Løparkongen som laurdag stilte i sitt 463.maraton, Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL, fekk tida 4,59.51.

På halvmaraton stilte 14-åringen Youri van der Werve, Hornindal IL, og sprang inn på tida 1.42.18

Vegopning på Bergum i Førde kommune