Hopp til innhold

Vann sitt 150. heilmaraton - det gjer han til verdas mestvinnande

Helge Hafsås frå Olden er ein milslukar av dimensjonar. I helga fullførte han sitt 200. heilmaraton og vann for 150. gong.

Helge Hafsås i ensom majestet

VANN SITT 150. LØP: Helge Hafsås brukar ofte å springe åleine i tet. Slik var det også under Trondheim Maraton i helga. Biletet er henta frå eit tidlegare heilmaraton.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

– Eg er godt fornøgd med at eg vinn og oppnår ei så god tid som eg gjer i dag. Det er faktisk den beste tida eg har oppnådd i maratonsamanheng i år, seier Hafsås til avisa Fjordingen.

Det var under Trondheim Maraton på laurdag at nordfjordingen slo til med sin 150. siger på eit heilmaratonløp. Det gjer at han framleis kan skilte med å ha tittelen som mestvinnande maratonløpar i verda, skriv kondis.no.

Med tida 2.39.07 var det ingen som kunne slå han og Hafsås sprang over mål heile ti minutt før nestemann, Solomon Geremew Acheme frå Namdal Løpeklubb, ifølgje nettstaden.

46-åringen sprang mykje av løpet åleine, noko han også brukar å gjere, ifølgje Fjordingen. Då NRK snakka med han i fjor sommar sa Hafsås etter sitt 188. maraton at han ikkje hadde tenkt å gje seg med det første.

– Eg kjem ikkje til å leggje løpeskoa på hylla enda, eg må vel i alle fall opp i 200 maraton før eg gjev meg, sa Hafsås til NRK etter at han vann Jølster Maraton i fjor juli.

Sjølv om han no har fullført 200 maraton har han ikkje tenkt å gje seg fordi.

– Eg spring færre maratonløp no enn eg gjorde for nokre år sidan. Men eg synst framleis det er kjekt å vere ein del av dette miljøet, seier Hafsås til Fjordingen.

Hafsås seier han allereie har planar om ein maratonstart i Bergen før sesongen er over.