NRK Meny
Normal

Her er vinnaren av QFilms Publikumspris

Øyriket Solund stakk av med årets Publikumspris under QFilm-festivalen. I filmen syner Elias Engevik fram krikar og krokar av heimkommunen sin ute ved kysten.

Vinnar QFilm Publikumspris 2013

STOLT VINNAR: Elias Engevik vann Publikumsprisen for Øyriket Solund

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Torsdagskveld rulla Qfilm ut den raude løparen, og inviterte til prisutdeling og gallakveld i Trivselshagen på Sandane. Salen skein i paljettar, og rommet bobla av forventningar under utdelinga av Publikumsprisen 2013.

– Eg kan ikkje tru at så mange har stemt på meg. Eg blei kjempeglad, seier ein overraska produsent og regissør, Elias Engevik.

I filmen Øyriket Solund syner Engevik fram heimkommunen, der han er oppvaksen og har budd heile livet.

– Eg har ikkje vore på ei scene framfor så mykje folk før. Det var ei litt anna oppleving, men det er utruleg morro å motta ein så fin pris, seier Engevik og smiler.

Starta som sommarjobb

Då Engevik kom på ideen om å skaffe seg ein litt annleis sommarjobb, søkte han Bulystprosjektet i Solund kommune om pengar til å finansiere filmen. Og det fekk han.

– Eg ville syne fram krikar og krokar av kommunen vår, gjennom ein feel-good film. Eg ønskjer å vise fram naturen, samholdet heime, at det bur utruleg mykje fine folk der, og for ein fin plass det er.

(Artikkelen held fram under filmen)

Øyriket Solund - produsert og regissert av Elias Engevik.

Qfilm 2013: Øyriket Solund

Nesten 3000 har stemt på sin favoritt til årets Publikumspris. 34 % av stemmene gjekk til årets vinnar, som fekk tildelt prisen, samt eit Canon kamera av NRK journalist Erlend Blaalid Oldeide.

– Det er utruleg gjevt at ein heil masse folk har klikka seg inn på NRK sine nettsider og stemt fram ein vinnar. Og det er imponerande kva de får til, sa Oldeide til dei unge filmskaparane.

Ein kveld full av nerver

Janne Grete Myklebust

FESTIVALSJEF: Janne Grete Myklebust

Foto: Britt Kristin Ese

NRK snakkar med ein letta festivalsjef, Janne Grete Myklebust etter prisutdelinga.

–Kvelden har vore litt full av nervar, men alt gjekk veldig bra. No er me skikkeleg gira, seier ein strålande blid festivalsjef.

Ho held fram:

– Høgdepunktet var å sjå alle prisvinnarane. Underhaldninga har og vore utruleg bra.

SJÅ OGSÅ: Dei andre nominerte til Publikumsprisen 2013

Feirar 10-års jubileum

QFilm feirar 10-års jubileum i år, og heidra seg sjølv med eit stort jubileumsprogram.

Mellom prisutdelingane song og spelte Georg Lipai, og klasse 3DDA på Firda vidaregåande skule imponerte med fleire dansenummer gjennom kvelden.

(Artikkelen held fram under biletet)

3DDA på Firda vgs.

VAKKER DANS: 3DDA på Firda vidaregåande skule underheldt mellom utdelingane

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Festivalveka blei sparka i gong på Gloppen Hotell måndag 25. november, og vert avslutta fredag med foredrag av regissør og manusforfattar Magne Pettersen.

Ekstremsportutøvar og fotograf Espen Fadnes kjem òg til Qpris fredag for å snakke om korleis ein kan filme og fotografere i naturen, i spektakulære omgjevnader.

LES OGSÅ: Bli med når Qfilm markerer 10 år

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.