NRK Meny
Normal

Feirar storsigeren med burger og brus

Kameratgjengen frå Nordfjord sikra seg mange prisar under NM for ungdomsbedrifter. Det feirar dei med lang biltur og burger!

Westtip

GLADE PRISVINNARAR: F.v. Adrian Haavik, Sindre S Kolseth, Håvard Hunvik, Karl Ulrik Fanøy Nord, Andre Storøy Egeberg.

Foto: Dag Ståle Leivdal

Westtip UB frå Eid vidaregåande skule har verkeleg ingen grunn til å henge med hovudet etter at noregsmeisterskapen no er avslutta.

Dei fekk mellom anna med seg 1. pris i klassen for «størst verdiskapingspotensial», «beste utstilling» og «beste seljar».

– Vi var veldig nøgde, litt surt med 2.-plassen for beste ungdomsbedrift, men elles er vi ganske nøgde, fortel dagleg leiar Sindre Kolseth til NRK.

– Stort potensial

Dei har utvikla utstyr for oppdrettsnæringa, mellom anna ei silekasse for daud fisk i oppdrettsnæringa, eit produkt som har eit stort innsparingspotensial for brukarane.

– Vi trur at denne ideen har eit stort potensial i ein av verdas viktigaste næringar innan matproduksjon, skreiv juryen då Westtip Supplies vart kåra til beste ungdomsbedrift i fylket.

Takkar for all hjelpa

Sindre Kolseth trur at årsaka til at dei gjorde det så bra under NM var at dei satsar på ein bransje som er viktig både lokalt og globalt. No takkar han og dei andre lærarane, mentorane og andre som har hjelpt dei på vegen.

– Vi har fått veldig mykje god hjelp. Vi har fått mange skuletimar til å jobbe med dette. Vi vil rette ein stor takk til lærarane og andre tilsette på skulen.

Satsar vidare med nytt selskap

No vil kameratgjengen i Westtip satse vidare på verksemda, og har fått gode råd med på vegen.

– Innovasjon Norge tok kontakt med oss før påske om å starte eit aksjeselskap. Der er alle seks positive til å satse vidare. No er vi ein bra kompisgjeng som uansett har lyst å halde i lag, seier Kolseth.

Gjengen kjem heim att til fylket i kveld, men det blir ingen fest, i alle fall ikkje på Kolseth.

– Eg skal spele fotballkamp, så det blir ingen fest på meg i kveld. Vi får ta feiringa seinare, fortel Kolseth på telefon frå bilen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå