Hopp til innhold

Vann pris for serie om tekstilindustrien

Fotograf Stig Indrebø (24) var i haust i Kambodsja for å lage reality. No har serien han filma vunne Gullruten.

Stig Inderbø - Sweatshop

VINNAR: Serien Stig Indrebø filma i Kambodsja vann pris under gullruten.

Foto: Pål Karlsen

Stig Indrebø under opptak i Kambodsja

OPPLEVING: Indrebø synest folka i Kambodsja var svært trivlege. Her under opptak.

Foto: Pål Karlsen

– Det gjekk vegen. Dette var vanvitig kjekt, og det kjekkast med det heile er at produksjonen var veldig liten og med få personar involvert, og at det i grunn berre var ein web-serie, fortel Stig Indrebø frå Førde.

Laurdag vann Aftenposten «Gullruten» for beste reality for web-serien «Sweatshop – dødsbillig mote».

– Vi var ein liten gjeng som reiste til Kambodsja og møtte masse folk og laga ein serie om tekstilindustrien der. Dette var jo berre ein web-serie, så det er historisk at ein slik serie i det heile vert nominert, fortel Indrebø

God stemning

Serien var nominert saman med andre konsept som vert sendt i beste sendetid på TV, så førdianaren synest at prisen var ekstra stas.

– Eg sat i Oslo og følgde med saman med ein liten vennegjeng. Det vart ganske god stemning etter kvart, seier han.

Fotografen har filme heile serien sjølv og er dermed den einaste som har vore med å setje visuelt preg på serien.

– Ofte er det fleire fotografar på større produksjonar, men her fekk eg gjere all foto sjølv. Så då er det ekstra stort at vi vinn, seier Indrebø.

Alle var så trivlege

Stig Indrebø under opptak i Kambodsja

OPPTAK: Stig Indrebø (t.h.) under opptak i Kambodjsa. Her med dei tre ungdomane som er med i serien.

Foto: Pål Karlsen / NRK

Serien tar føre seg tekstilindustrien i Kambodsja sett gjennom auga på tre norske ungdomar. Dei reiser ned og observerer korleis leve- og arbeidsvilkåra er. Gjennom auga på ungdomane viser ein kor fælt mange har det, fortel Indrebø.

– Det som gav mest inntrykk då vi var der nede var kor trivelege folka var. Det er ikkje alltid like lett å vere fotograf. Folk har ulike meiningar om det å bli filma, men alle berre smilte og lét meg filme dei. Ein gong eg var i Marokko var det heilt motsett. Då ville dei nærast at vi skulle betale for å filme dei. Men tekstilarbeidarane i Kambodsja viste berre takksemd over at vi var det og ville fortelje historia deira, seier Indrebø.

Han hadde ikkje venta at serien skulle vinne og var berre glad dei var nominert.

– Eg prøvde å ha så låge forventningar som mogleg. Men rett før dei annonserte vinnaren, så skjønte eg at vi kom til å vinne. Det vi har laga er noko heilt spesielt, sjølv om dei andre konsepta også er utruleg gode, seier han.

Johan Moen frå Stongfjorden fekk også med seg ein pris. Moen har vore fotograf og teknikar på underhaldningsserien «Sofa» som går på NRK. Serien fekk prisen for «Beste nye programserie».