NRK Meny
Normal

Oddbjørn var kveldens gladaste på filmfesten i Sogndal

Han syng, spelar, filmar og regisserer eigne filmar. Multitalentet Oddbjørn Litlabø (14) kunne måndag kveld hente med seg gjev pris.

Oddbjørn Litlabø

GLAD GUT: Oddbjørn Litlabø filmar og regisserar sine eigne filmar. I filmen 'Glee' sang han også, og vann i går kveld Juniorprisen under Sogndal filmfestival.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den unge mannen frå Sogndal stakk nemleg av med Juniorprisen under Sogndal Filmfestival sin gallakveld i kulturhuset.

Prisen for den beste filme laga av dei under 16 er spelt inn heime på garden, og Oddbjørn syng sin eigen, flotte versjon av Lionel Richie-hiten «Hello».

– Eg forstod det ikkje heilt, det var jo masse andre flinke folk og eg hadde ingen tankar om å vinne, sa ein tydeleg stolt prisvinnar til NRK.

Vil halde fram

Oddbjørn har lenge vore kjend som eit songtalent heime i Sogn, og han fekk stor applaus frå dei kring 150 som var i kulturhuset i Sogndal.

– Eg synes det er heilt utruleg kva folk får til, og sjølv håpar eg å få halde fram med film og lage like bra produkt framover, sa Litlabø. For høvet sjølvsagt kledd i dress og omgitt av gratulantar.

Linda Eide

IMPONERT EIDE: F.v. Linda Eide, Marianne Bakken og Håvard Bøyum på scena i Sogndal kulturhus måndag kveld.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Imponerte Linda Eide

Det er 3. klassen på medium- og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule som står bak Sogndal Filmfestival, med Synne Asheim Haga frå Gulen som årets festivalsjef.

Tysdag har dei fagdag med mellom andre sjølvaste Linda Eide. Norsk Attraksjon-generalen var svært imponert over både filmskaparane og arrangørane bak den store gallakvelden måndag.

– Det er utruleg bra. Det virkar nesten som dei har det i ryggmargen dei som har laga filmane og dei som organiserer. Ein blir imponert over alt saman, og samstundes gjev det noko ekte både til dei unge som lagar filmane og dei unge som presenterer filmane, slo Eide fast.

Sogndal Filmfestival 2013: Dokumentarfilm av Magnus Roaldset Furset.

PUBLIKUMSVINNAR: Magnus Roaldseth Furseth sin skifilm fekk nær 600 røyster i NRK Sogn og Fjordane si kåring.

Skifilm mest populær

Måndag kveld vart i alt ni prisar delt ut i Sogndal kulturhus, mellom anna publikumsprisen. Via nettsidene til NRK Sogn og Fjordane har publikum røysta fram sin favoritt.

Vinnaren i år vart den unge filmskaparen Magnus Roaldseth Furseth med sin ski-dokumentar. Han var sjølv ikkje tilstades for å ta imot prisen, men får tilsendt eit flunkande nytt kamera frå NRK.

Daniel Volle

DANIEL OG DAMENE: Filmskapar Daniel Volle sørga for flott selskap under gallakvelden i Sogndal kulturhus. F.v.s Silje Smedegård, Daniel Volle og Tina Rasmussen. Sistnemnde spelar hovudrolla i Daniel sin film Usynleg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fekk tre prisar

Fiksjonsfilmen Usynleg av Daniel Volle vann flest prisar. Filmtalentet med bakgrunn frå Sogndal vidaregåande tok tre av prisane.

– Denne filmen er eit synleg prov på eit gryande og spennande filmmiljø i Sogn og Fjordane, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes, som delte ut ein av prisane til Volle.

Unge filmskaparar frå heile Vestlandet var denne gongen invitert til å sende inn sine bidrag. To av prisane gjekk til elevar frå Akademiet vidaregåande skule i Bergen, medan lærdølen Bjørnar Hegg Lunde fekk prisen for beste etterarbeid for sin film Isfit.

Sogndal filmfestival 2013: Usynleg - av Daniel Volle, Flimmer Film

VANN PRISAR: Daniel Volle sin film usynleg.

Sogndal Filmfestival 2013: Isfit – av Bjørnar Hegg-Lunde.

VANN PRIS: Bjørnar Hegg Lunde fekk prisen for beste etterarbeid.