Hopp til innhold

Elevar vann pris for fyllekøyringsvideo

Med eit klart bodskap mot fyllekøyring vann elevane ved Mo og Jølster vidaregåande skule pris for sin haldningsfilm.

Elevar ved Mo og Jølster vgs har vunne pris

VANN: Mariell Midtbø Bøyum og Helene Sohleim tok i mot prisen i Filmens hus på tysdag.

Foto: frå kampanjefilmen/Ole Johnny Devik

– Dette var veldig moro. Då vi starta kampanjen i haust hadde vi allereie sett kva trinnet over oss hadde laga, og det var veldig bra. Så det var kjekt at vi kom vidare når ingen frå vår skule har gjort det før, seier elev Mariell Midtbø Bøyum.

3. klasse ved Mo og Jølster vidaregåande skule vart denne veka tildelt 2. plass i årets Death Trip-konkurranse. Dei sikra seg dermed ein pris på 10.000 kroner for filmen sin.

Til saman 80 deltakarar frå 27 skular deltok og elevane frå Mo og Jølster var dei einaste frå Sogn og Fjordane.

Konkurransen handla om å lage den beste haldningskampanjen mot ruskøyring.

SJÅ FIKSJONSFILMEN SOM ELEVANE FEKK PRIS FOR:

(Artikkelen held fram under)

Kampanjefilm laga av elevar ved Mo og Jølster vidaregåande skule til konkurransen Death Trip. Dei fekk andreplass i konkurransen.

Death Trip - Du vil leve med det resten av livet.

Kampanjen må skremme

presenterte film på Death trip, Elevane Mariell og Helene

EIGNE ERFARINGAR: Mariell Midtbø Bøyum (t.v.) og Helene Solheim presenterte kampanjen som klassen deira hadde laga til konkurransen.

Foto: Ole Johnny Devik

Prisen fekk dei for kampanjen totalt. Elevane leverte både plakatar og diverse anna i tillegg til ein fiksjonsfilm og ein informasjonsfilm.

Mariell Midtbø Bøyum og Helene Solheim var dei to som fekk reise til Oslo og presentere deira kampanje.

– Klassen har jobba veldig godt og vi har fordelt oppgåvene godt mellom oss. Dette var jo ei skuleoppgåve i tillegg, så vi gav alt for karakterane, seier Midtbø Bøyum.

Dei hadde ikkje fått føring i korleis dei skulle presentere og visste ikkje kva dei gjekk til, men gjorde det slik dei pleier når dei presenterer ting på skulen.

– Vi fortalde at vi sjølv har vener som har køyrt i rusa tilstand og kjenner folk som har sete på. Vi tenkte på kva som påverkar oss og kva ein haldningskampanje må innehalde. Det vi kom fram til var at den må skremme oss, fortel Midtbø Bøyum.

Elevane frå Sogn og Fjordane var dei einaste som laga to filmar. Dei trur også at det var dei som hadde mest produkt totalt.

– Vi er jo ungdomar heile gjengen

Det er klart at hendinga fekk mykje merksemd når ein stor idrettsprofil gjer noko sånt. Eg får håpe at han ser filmen vår.

Mariell Midtbø Bøyum, elev Mo og Jølster vgs.

I pausen fekk dei skryt for presentasjonen sin. Det blei blant anna kommentert at dei hadde klede som passa til fargane til kampanjen.

Kampanjen er svært viktig for elevane som alle er russ.

– Vi er ungdomar heile gjengen, og vi ser behovet for ein slik kampanje. Mange har fått lappen og mange av oss går på fest. Det finst mykje reklamer for bilbelte og liknande, men lite om det å køyre i rusa tilstand. Så dette er eit bra opplegg som er produsert for ungdom og av ungdom, meiner Midtbø Bøyum.

Få dagar før dei skulle presentere filmen køyrde langrennsløpar Petter Northug i rusa tilstand.

– Vi såg at det var nokon som hadde endra sin film og tok med Petter i kampanjen. Det er klart at hendinga fekk mykje merksemd når ein stor idrettsprofil gjer noko sånt. Eg får håpe at han ser filmen vår, seier Midtbø Bøyum.

SJÅ INFORMASJONSFILMEN SOM ELEVANE LAGA:

Elevane laga også ein ekstra informasjonsfilm til Death trip konkurransen.

Elevane har jobba hardt

– Det er frykteleg kjekt. Vi er ikkje opptekne av å vinne prisar, men når det skjer er det veldig moro. Elevane har jobba hardt og verkeleg fått vist kva dei har lært. Det at dei hevdar seg i ei slik konkurranse gjer oss lærarar stolte, seier lærar Ole Johnny Devik.

Elevane har jobba hardt og verkeleg fått vist kva dei har lært. Det at dei hevdar seg i ei slik konkurranse gjer oss lærarar stolte.

Ole Johnny Devik, lærar

Lærarane har gitt elevane råd og hjelp, men elles er det elevane som har stått for jobben.

Skulen har delteke i den årlege konkurransen til Death Trip fleire gonger, men dette er første gong dei kom til finalen. Devik var sjølv med elevane då dei presenterte filmen og tok imot prisen i i Oslo i Filmens hus på tysdag.

– Det var spennande å vere med elevane og sjå kva nivået var. Eg tenkte det ville vere vanskeleg å vinne, men så hadde jo elevane lage eit godt bidrag til konkurransen, fortel Devik.

Gjennom kampanjen har elevane sett søkjelys på det å vere ansvarsfull bak rattet. Læraren meiner elevane er flinke til å ta rette val og har stått på ekstra for å få til denne filmen.

– Vi ser at russen er flinke til å avtale kven som skal køyre, det er kjekt å sjå at dei bryr seg og lever etter idealet, seier Devik.

Helene Solheim og Mariell Midtbø Bøyum

PRISUTDELING: Her tek jentene i mot pris på vegner av klassen sin for andreplassen i Death Trip-konkurransen.

Foto: Ole Johnny Devik