Hopp til innhold

Vann over to millionar i Lotto

Ein heldig sogning kan gle seg over 2,2 millionar kroner på kontoen over helga.

Lotto-kuler
Foto: Norsk Tipping

Mannen frå Brekke i Gulen var ein av 26 heldige SuperLotto-vinnarar påskeaftan. Det låg 55 millionar kroner i potten og det kunne bli alt frå ein til 55 vinnarar. Talet som blei trekt ut var 26 og dermed kan så mange gle over å få sin del av potten, melder Norsk Tipping.

Ein annan heldig kar er ein mann frå Bremanger som blei 816.000 kroner rikare i kveldens Joker-trekning. Førre helg vann ein mann frå Hyllestad heile 11,7 millionar kroner i Lotto.

Under kveldens ordinære Lotto-trekning var det fem vinnarar som kvar får over 2,7 millionar kroner etter at dei hadde sju rette tal på kupongen sin.