Hopp til innhold

Vann over sju millionar i Lotto

Ei kvinne frå Måløy har fått ein god start på det nye året. I går kveld vart ho ein av to vinnarar som kunne dele hovudpremien på over 14 millionar i den første Lotto-trekninga i år.

– Huff! Du tullar nå?! var reaksjonen frå kvinna då telefonen frå Hamar kom rett etter Lotto-trekninga laurdag kveld.

Kvinna frå Måløy trudde ikkje sine eigne øyrer då ho høyrde at ho var blitt 7.395.650 kroner rikare.

– Huff! Du tullar no?! Oh shit, utbraut ho.

Vinnaren hadde nettopp sett på Lotto-trekninga, men hadde ikkje fått sjekka sine eigne tal då Norsk Tipping ringde.

– Då eg såg på, tenkte eg: «Fy flate, tenk å vinne i Lotto! Så heldige dei er!» Og så ringer du. Nei, no har eg hjarteklapp, seier kvinna.

Den ferske Lotto-millionæren er ikkje sikker på kva pengane skal gå til enno.

– Dette var i alle fall ein veldig god start på det nye året. Eg er heilt skjelven, eg. No må eg sette meg ned, seier ho.