Hopp til innhold

Gjekk rett til topps i sin første Norges tour

– No har vi sett standarden, humrar Jonas Kvalen etter å ha tukta sin mangeårige lagkamerat Lars Fredrik Tvinde i finalen av Norges Touren i sandvolleyball.

Jonas Kvalen, Bendik Huus og Andreas Takvam

TIL TOPPS: Jonas Kvalen (f.v.), Bendik Huus og Andreas Takvam tok skalpen på Lars Fredrik Tvinde og Mathias Berntsen i Norges Tour. Men det er sistnemnde som kan sjå fram til kvalifiseringsspel for World Tour.

Foto: Privat

Finalen søndag vart vestlandsdominert til gangs, med tidlegare Førde-spelarane Jonas Kvalen og Lars Fredrik Tvinde på kvart sitt lag.

Førstnemnde hadde også Bendik Huus med som trenar.

– Det var svært morosamt, og ein veldig kjekk finale, seier Kvalen.

Uventa siger

Det er på dagen to veker sidan han gjennomførte første treningsøkt med sin nye makker, Andreas Takvam. I si første turnering vart det 7.-plass av 32 lag i ei nordisk turnering i Danmark.

I helga gjekk dei heilt til topps i Norges Tour, medan 2–1 (21-11, 22–24 og 15-11) over Tvinde og Mathias Berntsen. Sistnemnde dessutan son av naustedøl, og tidlegare Førde-spelar, Jetmund Berntsen.

– Vi sikta oss inn på ei plassering blant dei fem beste, så dette kom litt uventa. Spesielt ettersom vi ikkje har spelt saman så lenge, og ankelen min ikkje er heilt bra etter operasjonen.

– Spesielt

Sandvolleyballduoen ynskjer på sikt å representere Noreg i OL, og er blant dei norske sandvolleyballandslaga.

– Vi er veldig nøgde med å vise så pass god form allereie, legg Kvalen til.

Lars Fredrik Tvinde

VIL MEIR: Lars Fredrik Tvinde er ikkje skuffa etter tapet mot Jonas Kvalen og makker. – Vi er klare for å kvalifisere oss for Stavanger, seier førdianaren.

Foto: Sandkaradn

Finaleoppgjeret vart av det jamne slaget og eit god start på tredje og avgjerande sett gjorde utslaget.

– Det er vanskeleg for meg og Mathias, på 185 centimeter, å hamle opp med to spelarar på nesten to meter. Ein må ha nokon som kan herje framme med nettet. Utan blir det veldig mykje spel på deira premissar, men vi viste lovande takter, seier Tvinde.

Møter EM-vinnar

For medan Kvalen held fram opphaldet i Stavanger med landslagssamling, får Tvinde og Berntsen spele meir på World Tour-arenaen.

Tysdag spelar seks norske lag om retten til å spele kvalifiseringsrunden til World Tour. Første motstandar er fjorårets vinnar av U22-VM, Christian Sørum og Runar Sannarnes.

– Det kan bli tøft, så vi må vere på tå hev. Vi har lagt bak oss ei god treningshelg og vart nummer to i Norges Touren. No er det berre å klinke til i kvalifiseringa. Vi er klare for å kvalifisere oss for Stavanger, seier han.

Første World Tour

– Kor høgt heng deltaking i World Tour?

– Den heng høgt. Det er første gang eg får delta, og eg håpar det blir mange fleire. Det er ikkje noko kjekkare stad å spele volleyball enn på Center Court Vågen i Stavanger, så uansett er det ei kul oppleving å spele her.

Frå før er tidlegare Førde-spelarar Geir Eithun og Morten Kvamsdal, med makkerane Iver Horrem og Øivind Hordvik, klare for hovudrunden av World Tour.

– Det er ikkje umogleg. Det er offensiv haldning og to sigrar, så ventar kvalifiseringsrunden. Då blir det endå hardare. Men kvifor ikkje, undrar Tvinde.