Hopp til innhold

Vann motbakkeløp på rekordtid

Johan Bugge (24) vann den 13. utgåva av Fanaråken Opp med ny løyperekord på 56.46.

Johan Bugge

REKORDVINNAR: Johan Bugge, Eidsvåg IL, vann løpet og satte ny rekord opp det 8,4 kilometer lange løpet.

Foto: Christian Prestegård

Bugge frå Eidsvåg IL vann løpet på rekordtid og fekk samstundes tidenes største sigersmargin på 6.17. Initiativtakar til Fanaråken opp er svært imponert.

– Når ein er så langt føre Joel Dyrhovden, ein løpar som mellom anna har blitt nummer to i VM for lag i motbakkeløp, så seier det litt om prestasjonen til Bugge. Han er rett og slett eit unikum, seier Christian Prestegård.

Slo alle rekordar

Prestegård viser til tidlegare løpstider for å understreke prestasjonen til Bugge.

– I 2011 sette eritrearen Thomas Bereket rekord på 57.30. Vi har hatt deltakarar frå fleire land som har vunne VM, men ingen har sprunge så raskt som Bugge. Dette viser kvifor han vart EM-vinnar, fortel han.

Det 8,4 kilometer lange motbakkeløpet med 1200 meter signing frå Turtagrø til Fannaråkhytta (2068 m.o.h.) vart arrangert av IL Fanaråk.

Frå sjukdom til siger

Eli Anne Dvergsdal

NUMMER EIN OG TO: Eli Anne Dvergsdal, IL Gaular, og Joel Dyrhovden, Samnanger, ved Fannaråkshytta, 2068 m.o.h.

Foto: Christian Prestegård

Også i dameklassa vart det sprunge svært raskt ifølgje Prestegård. Eli Anne Dvergsdal frå Jølster, som no representerer IL Gaular kom seg opp på tida 1.09.31. Ho tok tidlegare i år sølvmedalje under EM i motbakkeløp.

– Dvergsdal har låge med influensa no heilt fram til løpsdagen og så spring ho opp til eit resultat som berre er eit minutt bak løyperekorden. Det er heilt fantastisk, ho hadde nok teke rekorden om ho var i toppform, seier Prestegård.

Initiativtakaren er også svært imponert over dama som kom på plassen bak Dvergsdal.

– 47-åringen Anita Håkenstad Evertsen sprang inn på tida 1.10.48. Svært imponerande, ho er heilt klart den beste veteranen i fjelløp, seier Prestegård.

Lite snø i løypa

Arrangørane fortel om gode forhold for løparane som har teke seg opp det 8,4 kilometer lange motbakkeløpet. I forkant av løpet har IL Fanaråk jobba med å måke vekk snø og laga trassera.

– Det har vore mykje fokus på snøforhold, men det var berre om lag 50 meter der det låg snø før ein kom opp på 2000 meter. Etter dette var det rundt 300 meter av den resterande løypa det låg snø i, men den hadde god bereevne så det gjekk fint, fortel Prestegård.

Fanaråken Opp

NØGDE ARRANGØRAR: Initiativtakar til Fanaråken Opp, Christian Prestegård, er godt nøgd med at det vart ny rekord i konkurranseklassa i den 13. utgåva av Fanaråken Opp.

Foto: Arve Uglum / NRK