NRK Meny
Normal

Vann hjarte til caravanfolket

Presidenten i Norges caravanforbund er ikkje tvil om kva som er fylket sin beste campingplass.

Byrkjelo Camping

Byrkjelo Campingplass har vunne caravanfolket sitt hjarte og har fått utmerkinga 'Topp Camping'

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Dei driv ein av landets flottaste campingplassar, seier president i Norges Caravanforbund Kjell-Petter kolberg.

Det er Byrkjelo Campingplass som får tittelen «Topp Camping», og det er 26.000 medlemmer i forbundet som står bak utdelinga, skriv firdatidend.no .

Kriteria for å få prisen er at plassen er tilrettelagt for born og vaksne, godt vedlikehald og reinhald, trivsel og eit hyggjeleg vertskap.

Campingplassen har hatt uanmeldt besøk av ein av forbundet sine inspektørar før dei fekk prisen.