Band-konkurransen er tidlegare vunnen av fleire store namn i musikkbransjen, men i år gjekk altså prisen til 18 år gamle Thea og bandet hennar. Ei hoppande glad Thea Hjelmeland skreiv vinnarlåten i årets Eggstock-festival sjølv.
Springbrett
Eggstock-festivalen har vore springbrett og arena for mange store namn i musikkbransjen i Norge, inkludert Magnet, Ephemera og Sondre Lerche. Sjefen for Eggstock-festivalen, Mona Størseth, fortel at prisen heng høgt hos unge artistar.
Jurymedlem Nathalie Nordnes seier Thea og de Fine er eit band med eigenart og særpreg, samtidig som Thea har ei vakker stemme. Låtene er såre og skjøre samtidig som dei er aggressive og tøffe, seier ho.