Hopp til innhold

Vann Dronning Sonjas skulepris

Dronning Sonja kjem sjølv til Kaupanger skule for å dele ut ein pris på 150 000 kroner.

Kaupanger skule

DRONNINGA KJEM: Dronning Sonja kjem for å dele ut den gjeve prisen til Kauanger skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Eg må seie eg vart veldig overraska. Det er berre éin skule i landet som vinn prisen, så det er fantastisk at dei valde oss, seier rektor Geir Navarsete til nrk.no.

Utdanningsdirektoratet offentleggjorde fredag Kaupanger skule som årets vinnar av Dronning Sonjas skulepris. Prisen går kvart år til ein skule som har utmerkt seg ved å ta vare på likeverd og inkludering på ein god måte.

- Kaupanger skule i Sogndal kommune har utvikla ein skulekultur som tek vare på den eiskilde eleven, heiter det i ei pressemelding frå direktoratet.

I helga blir det stor feiring ved skulen

Ifølgje juryen har skulen utvikla gode og allsidige opplæringsopplegg for ei mangfaldig elevgruppe. Dette arbeidet har vist gode resultater i trivselsundersøkelser og på eksamen og nasjonale prøver.

No er rektor klar for å feire den store dagen.

- Det passa fint å få vite dette i dag. Vi har open skule på laurdag, med besteforeldre frå heile landet og bygdefolket på plass. I dag har vi Oddvar Torsheim på besøk. Det er nesten så ein skulle tru at det var nokon over oss som styrte det, smiler Navarsete.

- Har arbeidsro og kjekke elevar

Ved Kaupanger skule får elevane omfattande opplæring i demokratiske prosessar, der ei sjølve deltek aktivt i klasseråd og elevråd.

Her har dei mellom anna fått gjennomslag for fleire tiltak som utforming av klasserom, læremidlar og metodar.

Skulen satsar dessutan på at elevar som er teorisvake, skal få utvikle talenta sine innan musikk og kunst. Kaupanger kan vise til fleire døme på at dette har styrkt sjølvkjensla og den sosiale statusen til enkeltelevar.

- Dette er nok eit langsiktigt arbeid, der vi har teke steg for steg. Vi har hatt store utfordringar, men har gjort mykje bra for å snu det. No har vi arbeidsro, gode resultat, null hærverk, lite mobbing, trivsel, kjekke elevar og ein god stab, forklarer Navarsete.

Dronninga kjem for å dele ut prisen

Det er Dronning Sonja som sjølv har teke initiativ til skuleprisen for likeverd og inkludering, og vert i år delt ut for femte gong.

Vinnaren vert valt ut av ein jury leia av professor dr. philos Edvard Befring. Prisen er på 150 000 kroner, ein diplom og ein litografi av kunstnaren Eli Hovdenak.

Dronning Sonja deler ut prisen på Kaupanger skule 2. desember.