Hopp til innhold

Henta heim VM-bronse på favorittdistansen

Jarle Midthjell Gjørven frå Markane fekk med seg ei bronse i sitt første og siste junior-VM i skiskyting.

Jarle Midthjell Gjørven

TOK BRONSE: Jarle Midthjell Gjørven frå Markane IL gjekk seg opp seks plassar og enda på 3. plass under jaktstarten i junior-VM i USA.

Foto: Rune Fossum

– Det er ganske stort å ta bronse for meg. Eg var usikker på korleis nivået var, og korleis eg låg an samanlikna med dei andre. Difor var eg litt forsiktig med å sette meg klare resultatmål. Eg ville berre gå så bra som eg kunne og sjå kva det heldt til, fortel Gjørven på telefon like etter at han har kome heim frå meisterskapen i USA.

Han enda på 9. plass i sprinten, og hadde difor eit godt utgangspunkt for å gjere det bra på jaktstarten, som er hans favorittdistanse.

La ut i løypa med godt utgangspunkt

– Eg fekk mange meldingar etter sprinten om at det lukta medalje av jaktstarten, fortel Gjørven.

Og det fekk dei rett i. Han fekk 18 treff under skytinga, og hadde berre ein franskmann og ein russar føre seg i mål. Den 20 år gamle skiskytaren gjekk også inn til ein 14. plass på normaldistansen.

– Det er eg litt misfornøgd med. Kroppen var veldig tung, og eg skaut berre 17 treff. Eg visste eg måtte ha 18 eller betre, men også i sporet gjekk det dårleg, så sjølv med fleire treff hadde det nok ikkje halde heilt inn, seier stryningen.

Fekk kjenne på nervane

Junior-VM i USA er og blir det første og siste junior-VM han kan delta på. Han sit igjen med ei god oppleving.

– Eg var ikkje spesielt meir nervøs før løpa, men eg var hakket meir skjerpa. Småting vart eg meir nøye på, seier Gjørven, som også merka presset litt ekstra når han skulle ut og gå stafett med det norske flagget på brystet.

Jarle Midthjell Gjørven på liggjande skyting under NM 2013

SIKRA BRONSEN: God skyting frå Gjørven sikra han bronsen under junior-VM i USA. Her frå NM på Dombås i 2013.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Då var eg veldig nervøs, for då er det andre som forventar litt meir av ein. Vi hadde håp om medalje, men den glapp på siste skyting.

Gjørven gjekk sjølv ein god etappe. Han gjekk ut berre med Frankrike føre i løypa, men dei vart henta inn igjen av Tyskland. Stryningen leverte stafettpinnen vidare berre 13 sekund bak Tyskland, og laget trudde dei hadde sølvmedaljen i lomma.

– Det syner seg gong på gong at stafett er stafett. Vi hadde eit forsprang på nær eitt minutt før siste skyting, men med ein skikkeleg sprekk der, så vart det fjerdeplass, fortel han.

Førebur seg på å bli seniorløpar

Gjørven er godt i rute for å få ei god samanlagt plassering i Norgescupen. Etter å ha mista nokre renn på grunn av VM er han usikker på heilt kor på lista han ligg, men han trur han er med og kjempar om pallen samanlagt.

– Det hadde vore godt å ta med seg ein pallplass, eller hels vunne totalen. Spesielt sidan eg skal over på seniornivå no, seier han og er klar på at det ikkje nødvendigvis blir lett å ta steget eit hakk opp.

– Eg må vere tolmodig og vere budd på at eg kan få første sesongen litt i fleisen. Ofte så er resultata ikkje heilt der ein vil, og motstandarane har gjerne eit heilt anna nivå og er fire-fem år eldre. Eg trur eg må rekne med ein startsesong, som kan slå begge vegar. Uansett trur eg at om eg trenar bra i eitt år, så vil eg få noko igjen for det, om det så tek tre år før resultata kjem.