Hopp til innhold

Vann 2,4 millionar i Vikinglotto

Ei kvinne frå Florø vart onsdag kveld 2,4 millionar kroner rikare etter trekninga i Vikinglotto.

Lotto

SLO INN: Tala 11–27–29–37–44–45 sikra ei florøkvinne milliongevinst i kveld.

Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

– Hæ? Nei, dette er ikkje sant. Eg har aldri vunne noko før, var første reaksjonen på telefonen opplyser Norsk Tipping.

Då Norsk Tipping ringde kvinna, som vil vere anonym, trudde ho først det var ein seljar og var nær ved å legge på før det gjekk opp for kven som var på tråden.

Florøkvinna vedgår at ho ikkje heilt kjem til å tru det er sant før pengane står på konto

– Nei, Guri meg. Dette var litt av ei overrasking. Dette vart verkeleg ein veldig fin kveld.