Fem gonger dei siste tre vekene har vandalar gjort omfattande skadeverk på Trudvang skule. Dei nattlege gjestane har brote seg inn, tømt lim utover og gjort skadeverk på undervisningsmateriellet.
Opna kranane
Sogn Avis skriv at det mest alvorlege tilfellet skjedde i helga. Då vart fleire av klasseromma overfløymde.
Dyr reparasjon
Rektor Gunnar Stundal seier det kan koste opp mot ein halv million kroner å utbetre vasskadane.