Valurna kjem sjøvegen

I øykommunen Solund kan Herman Færøvik (92) gå ned på kaien og røyste.

Herman Færøvik gjer borgarplikta si om bord i skyssbåten.

Herman Færøvik gjer borgarplikta si om bord i skyssbåten.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Skyssbåten "Pandora" fossar mot kai til den vesle øya Saltskår i Solund. Det er tid for førehandsrøysting, og inne i båten står valurna og gyngar. Rett under redningsvestinstruksane, sjølvsagt. På kaia er det kø, ei lita gruppe hutrar i ruskeveret.

Sjå: TV-reportasje frå det flytande vallokalet

Høyr: Lars (71) er kjempenøgd med servicen  

 

Bur på 15 øyer

Lars Saltskår (71) har budd på øya heile sitt liv. Han set stor pris på den spesielle i valordninga i kommunen, der bebuarane er spredt ut over 15 øyer i havgapet.

Bjarnhild Færøy

Bjarnhild Færøy hentar seg stemmesetlar.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

- Det er kjempegod service for oss gamle folk som no slepper å reise milevis. 

Røyster i salongen

Den spesielle røystebåten går frå øy til øy for å gje alle sjansen til å delta i valet. Det er nemleg ikkje berre å hive seg på bussen for å komme til røystestaden, sler Asmund Myr fast.

- For oss hadde det elles vorte veldig tungvint. Vi måtte ha reist ut med eigen båt og det ville ha teke fleire timar. 

Ute er det duskregn og grått. Nede i båten står røystegeneral og rådgjevar i Solund kommune, Gøsta Odeen og forklarar korleis røystebåten fungerar. Endå ei trapp ned, bak forhenget, er salongen omgjort til røystebås. Vallistene ligg utover salongbordet, med livbøya på armlengdes avstand. 

17 røyster

Skyssbåten "Pandora" gjer teneste som flytande vallokale.

Flytande vallokale.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Oppe har Hanna Færøy på 88 år valkortet klart.

- Eg trur denne ordninga fører til at fleire røyster. Når det er styggever er det ikkje så veldig kjekt for dei som ikkje likar seg på sjøen. 

Kystkommunen Solund tel under 900 innbyggjarar, og kvar stemme er viktig for lokalpolitiske kamphanar. Første dagen med røystebåten innkasserte 17 røyster...