NRK Meny

Valsvik ynskjer seg vekk

Fotballspelaren Gustav Valsvik har så langt ikkje spelt eit einaste minutt i sesongopninga for Eintracht Braunschweig. Midtstopparen frå Vik ynskjer seg vekk frå klubben etter nedrykket til 3. bundesliga. Trenar Henrik Pedersen seier til nettstaden Regionalsport at han ynskjer å byggje eit lag for framtida, og at det då blir feil å nytte ein spelar som kan vere vekke om tre veker. Pedersen utelukkar likevel ikkje at vikjen kan få speletid før eit eventuelt klubbskifte.

Vegopning på Bergum i Førde kommune