Hopp til innhold

Valsvik til Tyskland

Fotballspelaren Gustav Valsvik frå Vik er på veg til tyske Eintracht Braunschweig i 2. bundesliga. Strømsgodset opplyser på sin eigen Twitter-konto at dei er blitt samde med tyskarane om ein overgang, men at den medisinske sjekken gjenstår. Den 23 år gamle midtstopparen har vore i drammensklubben sidan sommaren 2014 og har etablert seg som ein svært viktig spelar for Strømsgodset. Han har også bak seg fire år i Sogndal.

Gustav Valsvik
Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix