NRK Meny
Normal

Valsvik står framleis utan kontrakt

Sogndal-spelaren Gustav Valsvik står framleis utan kontrakt frå nyttår. – Klubben må kome til meg med eit tilbod, seier 19-åringen.

Gustav Valsvik

VEIT IKKJE: Gustav Valsvik har framleis ikkje skrive under noko ny kontrakt for Sogndal. Dermed er det usikkert kva som skjer etter nyttår når kontrakta går ut.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vikjen leverte i går nok ein solid kamp for sognelaget då dei slo Vålerenga 1–0 på Fosshaugane. Men den unge midtstopparen veit framleis ikkje kva som skjer med han etter sesongen.

Fleire gonger har han valt å avvente å signere tilbodet om treårskontrakt med klubben, og ifølgje Valsvik har det ikkje skjedd så mykje i forhold til ny kontrakt den siste tida.

– Eg prøver å vere tolmodig, men det har ikkje skjedd så mykje i det siste, seier Valsvik.

Har venta med å signere

Både tidleg i vår og i sommar valde Gustav Valsvik å vente med å signere ei treårskontrakt for Sogndal. Klubben rekna då med at 19-åringen ville forsvinne og starta jakta på ein erstattar.

Utover seinsommaren har klubben og Valsvik vore i nye forhandlingar, og då ny kontrakt var tema i midten av august sa Valsvik at han såg lyst på framtida.

I byrjinga av september kjende Valsvik seg utsett for det han meinte var dårleg skjult refs frå dagleg leiar Egil Mundal.

Mundal hadde då gått ut i avisa og varsla ei tøffare linje mot unge spelarar som vurderte å gå gratis frå klubben. Valsvik følte kritikken var retta mot han.

– Dei må kome til meg

No nærmar det seg sesongslutt og Valsvik står framleis utan kontrakt frå nyttår. Sjølv meiner han at prestasjonane hans tilseier at Sogndal bør ta kontakt.

– Eg har ikkje høyrt noko frå Sogndal, og eg går ikkje til dei og spør. Eg føler dei må kome til meg.

– Trur du at dei kjem?

– Det veit eg ikkje, det får vi sjå. Om dei vil ha meg så bør dei kome, seier Valsvik til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olsson

VIL HA VALSVIK: Valsvik har fått mykje speletid denne sesongen og trenar Jonas Olsson seier han gjerne vil at den unge vikjen skal bli eitt år til.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Håpar Valsvik blir i Sogndal

Men det Valsvik oppfattar som ingen dialog – oppfattar Sogndal og trenar Jonas Olsson som ein pågåande dialog.

– Så vidt eg veit så er dette ein dialog som førast frå begge sider heile tida, seier Olsson.

Han legg ikkje skjul på at han gjerne vil ha med 19-åringen vidare.

– Det er ingen som blir gladare enn meg som Gustav kan spele her eitt år til, seier Sogndal-trenaren.

Samtidig seier Olsson at han forstår om det ikkje blir slik.

– Med den ideen vi har i Sogndal med løn og struktur, så forstår eg at unge spelarar forsvinn.

– Eg trur det hadde vore bra for Gustav å vere her eitt år til, men samtidig forstår eg om det er andre klubbar som vil ha han og han vil gjere noko anna, seier Olsson.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.