Hopp til innhold

Valsvik på U21-landslaget

Sogndal-stoppar Gustav Valsvik (19) er teken ut på U21-landslaget som møter Nederland i midten av månaden.

Gustav Valsvik

OVERRASKA: Gustav Valsvik er ein av to sogndalsspelarar som i dag fekk vite at dei skal på ærefulle oppdrag med flagget på brystet dei neste vekene.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Norge møter Nederland både 11. og 15. oktober. Det er første gang at Gustav Valsvik er teken ut på U21-landslaget.

– Det er overraskande, men sjølvsagt kjempekjekt å bli lagt merke til her i Sogndal. At folk tykkjer eg har gjort ein så bra prestasjon dei kampane eg har spelt, seier 19-åringen.

– Trudde det var tull

Sjølv har ikkje Valsvik fått signal om at han har vore aktuell for U21-landslaget. Han er inne i sitt siste år som U19-spelar, og har tidlegare i år sett mange av sine landslagskameratar fått prøve seg på U21-landslaget.

At han sjølv er vurdert og funnen god nok fekk Valsvik først vite frå lagkamerat Ørjan Hopen i garderoben etter trening måndag.

– Eg ante ingenting. Ørjan kom bort og sa grattis. Eg svarte «Hæ? Ke?» og då sa han U21-landslaget. Eg trudde han tøysa med meg, men han gjorde visst ikkje det, humrar Valsvik.

Har gått gradene

– Det kom litt brått på, og så eg trudde ikkje på det. U21-landslaget har vore målet mitt no som eg har spelt så mykje med Sogndal, men at det kom så tidleg hadde eg ikkje venta, legg 19-åringen til.

Den talentfulle vikjen har gått gradene på dei norske landslaga og står med totalt 40 aldersfastlagde landslag. Han har også scora fire mål med flagget på brystet.

I haust har han vore inn og ut av laget, men okleskaden til Azar Karadas har igjen opna døra til midtforsvaret til Sogndal.

Kombinasjon

Valsvik er usikker på kva som ligg til grunn for uttaket, men trur at også spelet på U19-landslaget har spelt inn på uttaket.

– Eg føler eg har gjort det bra når eg har spelt for Sogndal og at eg har gjort gode landskampar når sjansen har vore der. Eg trur det er kombinasjon av begge to, seier han.

I nye forhandlingar

Valsvik er utan kontrakt med Sogndal når sesongen er slutt . I løpet av dei neste par vekene set klubben, spelar og hans agent Jim Solbakken seg på nytt til forhandlingsbordet.

– Då er vel eit U21-uttak gode kort i forhandlingane?

– Det kan det vere ja, seier Valsvik.

Flo på landslaget

Azar Karadas (t.h.) ser Per Egil Flo kontrollere ballen.

LANDSLAG: Per Egil Flo skal spele for det norske U23-landslaget

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I tillegg til Valsvik er klubbkamerat Per Egil Flo teken ut i U23-troppen som skal møte Estland i International Challenge Trophy 16. oktober.

Norge vil truleg klare seg med eitt poeng for å avansere til semifinalen. Noko trenar Per Joar Hansen har stor tru på.

– Vi har ein veldig god og sterk tropp, og det er eit spennande lag. Eg trur vi har gode moglegheiter til å gå vidare, seier han til fotball.no.