Hopp til innhold

Valsvik-mål berga poeng

Sogndal berga eitt poeng på overtid då Gustav Valsvik sette inn 1-1 mot Tromsø på Alfheim.

Gustav Valsvik

ORDNA POENG: Gustav Valsvik.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Til då såg det ut til å gå mot fortente tre poeng til heimelaget, som dominerte kampen, skapte ei rekkje sjansar og fekk løn for strevet då Zdenek Ondrasek sette inn sitt åttande mål for sesongen etter 65 minutts spel.

Les kampfakta her:

Tromsø styrte kampen

Malick Mane hadde ein bra sjanse for Sogndal etter åtte minutts spel, og Ulrik Flo skaut rett på keeper etter 64 minutt. Nokre Hopen-cornerar skapte og litt bry for Tromsø.

Men det var heimelaget som styrte kampen og som skapte det meste av målsjansar, ni store sjansar i tillegg til målet.

Men Gustav Valsvik nekta heimelaget dei tre poenga dei hadde i lomma då han heilt på tampen av dei tre minutta med overtid sette ballen i krysset etter eit innkast. Han fekk to sjansar, det første skotet vart blokkert, men på forsøk nummer to sat ballen i nettet.

– Vi fortente dette

Trenar Jonas Olsson sa til TV2 etter kampen at spelarane fortente dette etter dei siste kampane.

– Vi har hatt så mange sjansar i det siste, men eg har sagt til spelarane at dei ville få løn for strevet om dei var tålmodige.

Olsson var ikkje nøgd med dommaren i første omgang.

– Siste delen av omgangen skal vi vere glade for at vi ikkje ligg under. Samstundes synest eg vi iallfall skal ha eit straffespark, kanskje to. Det er ikkje mange som bles straffe til Sogndal, sa Olsson til TV2.

LES OGSÅ: Badji på tribuna då Sogndal tapte på Fosshaugane

Må ta poeng heime snart...

Med det eine poenget er Sogndal no oppe i 15 poeng og ligg på 11. plass på tabellen. Laget har teke ni av poenga på bortebane og er på femteplass på bortestatistikken.

Men det er som kjent samanlagt borte og heime som tel. Difor er det viktig at Sogndal no tek til på plukke meir poeng heime. Første sjansen til å få det til er mot botnlaget Stabæk 15. juli.