NRK Meny
Normal

Valsvik kan få landslagsdebuten – drøymer om stopparpar frå Sogn

Gustav Valsvik frå Vik er for første gong tatt ut i A-landslagstroppen. No drøymer han om å danne stopparpar med Even Hovland frå Vadheim.

Gustav Valsvik

KAN FÅ DEBUTEN: Gustav Valsvik har haugevis med kampar på aldersavgrensa landslag, no kan han få debuten på A-landslaget.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

– Det har vore ein draum sidan eg var liten og det er kjempekjekt at eg no er tatt ut, seier Valsvik til NRK.

Tysdag ettermiddag tok landslagssjef Lars Lagerbäck ut dei 24 som skal vera med til landskampen mot Nord-Irland seinare i månaden.

På lista var det no nykommarar, den eine av dei var Valsvik. I tillegg er Even Hovland framleis med.

– Såg opp til han

At Valsvik er tatt ut i same tropp som Even Hovland syns han er spesielt.

– Eg såg opp til han då eg kom til Sogndal. Han var fast på laget og då han forsvann frå klubben tok eg over plassen hans. Det hadde vore moro med to sogningar i midtforsvaret, fortel Valsvik.

Even Hovland

FORBILDE: Even Hovland er også med i troppen mot Nord-Irland.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Opp gjennom oppveksta har han vore ein gjengangar på aldersavgrensa landslag, men no er det første gong han kan få prøva seg på seniornivå. Han fekk ikkje beskjed om uttaket før pressekonferansen tysdag ettermiddag.

– Eg visste at eg var i bruttotroppen førre veke, men fekk beskjeden om at eg var på den endelege lista i dag. Då steig pulsen litt, seier han.

Kampen mot Nord-Irland går i Belfast 26. mars.

Jaktar opprykk

Til dagleg spelar han i tysk 2. Bundesliga for klubben Eintracht Braunschweig, som han signerte ein fireårskontrakt med i fjor sommar. I går kveld tok dei ein viktig 2–1 siger borte mot Fortuna Düsseldorf.

– Det var ein ekstremt viktig siger. No er vi med å kjempar om opprykk, og har berre tre poeng opp til direkte opprykksplass, seier Valsvik.

Han er godt nøgd med overgangen til tysk fotball.

– Det har gått veldig bra. Eg spelte alle kampane i haust og gjorde det bra, men så fekk eg ein skade rett før jul. Det sette meg litt tilbake, men dei siste fem kampane har eg vore inne att på laget og spelt veldig bra, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.