Hopp til innhold

Gustav Valsvik med spesiell bursdagsgåve - fekk att førarkortet på 21-årsdagen

Sogndal-stopparen Gustav Valsvik har fått igjen førarkortet etter at han vart teken for promillekøyring 18. mai.

Valsvik

SPESIELL BURSDAGSGÅVE: Gustav Valsvik fekk att førarkortet på 21-årsdagen sin.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Då fotballspelaren frå Vik vart stansa på veg til trening den dagen vart det opplyst at han hadde 0,25 promille alkohol i blodet. Førarkortet vart inndrege på staden.

Men no har han fått att førarkortet, og det skjedde på 21-årsdagen hans måndag, skriv sognavis.no .

– Eg gjorde ein feil, men seier meg ferdig med saka no. Så får eg heller tola eit par ekstra blikk, seier Valsvik til avisa.

Politiadvokat Sissel Kleiven vil ikkje kommentere den konkrete saka, mellom anna kvifor førarkortet vart beslaglagt under kontrollen og seinare gitt tilbake. På generelt grunnlag at seier ho:

– Førarkortbeslag i promillesaker har samanheng med kor høg promille ein har. Det må vere over 0,5 for å tape førarretten, seier ho.

På benken i to kampar

Om Gustav Valsvik no kan køyre bil igjen, står det framleis att å sjå om han får spele på førstelaget til Sogndal. Ein konsekvens av promillehistoria var at han vart sett ut av laget mot Brann sist tysdag.

Erstattaren, Bjørn Inge Utvik, gjorde det så godt at han fekk fornya tillit mot Sandnes Ulf søndag. Så får tida vise om Valsvik er inne i varmen att i cupkampen mot Strømmen 4. juni.

Eit anna utslag er at 21-åringen må stå over kamp med u21-landslaget mot Aserbajdsjan 1. juni.

NRK.no har prøvd å få ein kommentar frå Gustav Valsvik, men han har ikkje svara på vår oppringing og vår melding.