Sjå valresultat for Jølster
Knut M. Olsen, fylkesleiar og tredjekandidat til Senterpartiet, har gjort eit brakval i heimkommunen Jølster. Partiet går fram 9,3 prosentpoeng til 34,6 prosent, og er med det det desidert største partiet i jordbrukskommunen.
Raudgrøn framgang
Den raude kompanjongen til Senterpartiet i regjeringsalternativet, Arbeidarpartiet, gjer òg eit solid val i sunnfjordkommunen. Sosialdemokratane går fram 4,3 prosentpoeng til 20,6 prosent. For SV og partileiar og jølstring Magne Aardal er valresultatet mindre lysteleg. Partiet går tilbake to prosentpoeng til 9,3 prosent.
Regjeringsslitasje
For Kristeleg Folkeparti og Venstre er valresultatet eit slag i andletet. Begge regjeringspartia går tilbake seks prosentpoeng. Høgre går tilbake eitt prosentpoeng til 6,7 prosent.
Frp-framgang
Framstegspartiet har gjort godt val òg i Jølster og går fram 3,3 prosentpoeng til 9,1 prosent.