Hopp til innhold

- Vil du vere oppdatert valnatta så hald deg til NRK Sogn og Fjordane

Dei som vil ha resultata frå valet i dei ulike kommunane i Sogn og Fjordane kjapt bør ha radioen innstilt på P1 og fylgje med på nettsidene våre, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane.

Programleiarane Erlend Blaalid Oldeide, Gro Ravnestad og Eldgrim Fossheim

KLARE FOR VALET: Valnatta skal Erlend Blaalid Oldeide, Gro Ravnestad og Eldgrim Fossheim på radio gi deg alt du treng å vite om stortingsvalet i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det blir lokal radiosending frå klokka 21.03 og iallfall til midnatt, sluttidspunktet er avhengig av når vi har fått inn resultat frå alle kommunane. Vi sender frå valvaka på Rica Sunnfjord Hotell i Førde.

Der er alle toppkandidatane i Sogn og Fjordane samla, minus Liv Signe Navarsete, som er på valvaka til Senterpartiet i Oslo. Erlend Blaalid Oldeide og Gro Ravnestad blir programleiarar, medan Eldgrim Fossheim kommenterer og analyserer resultata etter kvart som dei kjem inn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høgre noralv distad

VALVAKA I 2011: Under valvaka på Sunnfjord Hotell i 2011 smilte Noralv Distad og Bjørn Lødemel frå Høgre breitt. Blir dei like blide i år?

Foto: Oddleif Løseth / NRK

Det blir og direkte innslag frå ei valvake på Lægreidspuben i Sogndal og frå valvaka til Senterpartiet i Oslo for å høyre kva Liv Signe Navarsete har å seie til resultata frå heimfylket.

Ved ein del tidlegare val har NRK Sogn og Fjordane måtta dele P1 med rikssendinga, men det blir ikkje tilfelle denne gongen.

Roy Raasholm Fauske

- KJEMPEGOD VALDEKNING: Redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske lovar folk kjappe resultat.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– I år sender vi samanhengande, med unnatak av Dagsnytt i tre minutt kvar heile time, seier Raasholm Fauske.

Kjappe resultat på nettsida

Nettredaksjonen til NRK Sogn og Fjordane blir bemanna med så mange journalistar at redaksjonssjefen er trygg på at folk skal kunne få dei einskilde kommuneresultata veldig kjapt.

– Også på nettet vil vi i tillegg til resultata ha stemningsrapportar med foto og videoar frå ulike valvaker, og vi vil sjølvsagt ha kommentarar frå nøgde og mindre nøgde kandidatar.

Det blir ikkje tv-sendingar frå NRK Sogn og Fjordane denne valnatta, men det blir sjølvsagt laga innslag som blir sende m.a. i Vestlandsrevyen dagen etter.

– Men samla sett skal vi by folk i Sogn og Fjordane på ei kjempegod valdekning, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske.