Valla vil kjempe for klimaet og kortare arbeidsdag

– 1 mai er viktig for å vise kva vi må kjempe for framover, seier Gerd-Liv Valla som er tidlegare LO-leiar.

Gerd-Liv Valla

HOVUDTALAR: Gerd-Liv Valla har tidlegare vore LO-leiar og justisminister for Arbeidarpartiet.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Ho er i dag hovudtalar under 1. mai-markeringa i Høyanger. Ei bygd som veit å setje pris på denne dagen. Det heile starta i dag tidleg med flaggheising og morgontog, deretter barnetog om føremiddagen og hovudtog i ettermiddag.

– Høyanger er ein bastion i historia til arbeidarrørsla. Det er bestandig artig å vere her, og det er ein flott tradisjon med barnetog på 1. mai. Eg blir nesten rørt, for det er så viktig å ta med borna, seier Valla.

Vil ha krafta i Noreg

Høyanger ein kraftkommune med Hydro som den største verksemda. Ein av bodskapane til Valla er det grøne skiftet.

– Aluminiumsindustrien i Noreg er den reinaste i verda, og det må vi halde fram med. Eg er veldig oppteken av vasskraft og at vi ikkje sel for mykje ut av landet, men brukar den her heime til sysselsetjing og velstand.

Ho meiner klimasaka er heilt overordna og viser til engasjementet svenske jenta Greta Thunberg har skapt.

– Den største saka vi har i dag er klimaet. Det er så viktig å ha dei unge med oss, få synspunkta deira og kjenne presset.

Sjukelønn og arbeidstid

Også sjukelønsordninga vi har i dag meiner ho det er viktig å kjempe for, i tillegg til kortare arbeidstid.

– Kvinnerørsla har ein draum om at 100 år etter at åttetimarsdagen blei innført, må vi gradvis redusere arbeidstida ned til sekstimarsdag. Det vil vere fint for dei som skal bli fedrar og mødrer og vil ha full jobb, men samstundes ha omsorg for borna og andre rundt seg. Det er visjonært, men eg meiner det er mogleg å få det til. Ikkje på ein gong, men å ta det skrittvis gjennom tariffoppgjer,

Ho meiner det er viktig å markere 1. mai både i dag og framover.

– På denne dagen ser vi tilbake på kva vi har oppnådd, kvar vi står i dag og kva som er framtida. Dette er ein dag som blir markert over heile verda, seier ho.

Det er 1. mai-arrangement i 16 av kommunane i Sogn og Fjordane. Har du bilete, send dei gjerne til sf@nrk.no.

Her finn du oversikt og hovudtalarar andre stader i landet.

1. mai-tog i Førde
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK