NRK Meny
Normal

Valjokeren hevar seg over dei stygge kommentarane

Etter å ha sikra Årdal fire nye år med Ap-ordførar, har Sandra Opheim og Miljøpartiet dei Grøne måtte tole hard medfart av sambygdingane sine.

Sandra Opheim i Miljøpartiet dei Grøne

LITE SANS: Sandra Opheim og MDG i Årdal har fått mykje motbør i sosiale medier etter valet. – Det er ikkje noko ukjent fenomen. Spesielt kvinner blir utsette for nedsetjande kommentarar. Når slikt skjer kan det gjere det vanskelegare å rekruttere folk til politikken, seier Opheim.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Mykje har vore sagt og skrive etter at Miljøpartiet dei Grøne vippa kommunevalet i favør av Arbeidarpartiet.

Partiet sin framtidige varaordførar i kommunen, Sandra Opheim, meiner mange av reaksjonane har vore usaklege.

– Eg må heve meg over det, men det er slik at folk skriv mykje stygge ting. Og det er sjølvsagt ikkje greitt, seier ho.

Får støttemeldingar

Arild Ingar Lægreid

HELD FRAM: Med Miljøpartiet dei Grøne si støtte held Arild Ingar Lægreid (Ap) fram som ordførar i Årdal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Årets kommuneval i Ap-bastionen var av det historiske slaget. Arbeidarpartiet gjekk tilbake 29,9 prosent og fekk for første gang i etterkrigstida under 50 prosent av røystene. Frå fleire hald vart det knytt spenning til om Sp og Aleksander Øren Heen ville få ordførarklubba etter ein oppslutnad på 38,8 prosent.

At Miljøpartiet dei Grøne sytte for at det ikkje gjekk slik, har falle mange tungt for brystet.

– Eg har ikkje lest så mykje av det sjølv, men er godt orientert om kva som er skrive. Eg har fått mange tilbakemeldingar frå andre som har sett, og støttemeldingar frå folk som ber meg ikkje bry meg om det, seier Opheim.

Jokeren

For det vart eit MDG i vippeposisjon som hadde kommunestyremedlemet Arbeidarpartiet og Arild Ingar Lægreid trengde for å få behalde ordførarklubba.

Seint på valkvelden byrja de å demre for MDG-politikarane kva som var i ferd med å skje.

– Vi gjekk til val og hadde som mål å komme inn i kommunestyret, og kunne nesten ikkje forstå det som skjedde. Det vart straks meir alvorstyngd då vi forstod at vi stod i vippeposisjon. Same kveld vart vi ringt opp av både Senterpartiet og Arbeidarpartiet som ville i samtale så raskt som råd, fortel Opheim.

Trekte lodd

Opheim presiserer at det ikkje var loddtrekning om kven dei ville forhandle med, men vedgår at det vart loddtrekning om kven dei først skulle møte til innleiande samtalar.

– Og eg lét guten min trekkje loddet. Der stod det Ap, seier ho og legg til at ho heile vegen heldt Heen og Sp orienterte i prosessen.

– Men det er rett at vi ikkje forhandla med Senterpartiet, for etter dei innleiande samtalane så bad vi om tid til å vurdere kva gjere vidare. Vi diskuterte internt i lokallaget og rådførte oss sentralt, seier ho.

Fekk gjennomslag

Liv Signe Navarsete, Aleksander Øren Heen og Jenny Følling

GLEDE: Aleksander Øren Heen (Sp), her flankert av partifellane Liv Signe Navarsete og Jenny Følling, var den store valvinnaren i Årdal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Både Sp og Ap var viljuge til å gi MDG gjennomslag for sakene, for sjølve å sikre seg ordførarvervet.

– Vi måtte bestemme oss for kven vi skulle starte forhandlingar med og då valde Ap for dei er det største partiet i Årdal. Dei fekk størst oppslutnad på valdagen med nær 45 prosent, seier Opheim.

– De ville ikkje vite kva Sp kunne tilbydd dykk?

– Vi fekk gjennomslag for våre fanesaker med Ap, så då var det ikkje grunn til å avbryte forhandlingane.

Dei viktige sakene

MDG fekk gjennomslag for at klima- og energiplanen skal handsamast kvar tredje månad i formannskapet, samt at miljøpartiet skal få styreverv i Årdal energi.

Dei viktigaste sakene var likevel å hindre omregulering av fleire friområde og stogg i kraftutbygginga var dei viktigaste sakene for MDG.

– Det henger saman med at begge desse vore trugsmål mot i forkant av valet. Stor kjede som ville etablere seg med eit næringsbygg i Hydro-parken. I tillegg konkrete planer om kraftutbygging i Nundalen og Fardalen, seier Opheim.

– Burde ikkje MDG støtta vasskraft, som jo er grøn energi?

– Vi er for vasskraft, men det går ei grense. Vi har bygt ut det som er av vasskraft i Årdal. Naturen kan brukast på andre måtar også. Det var viktig for oss å få verna om desse siste vassdraga. Vi ynskjer at Årdal aukar fokus på reiseliv og turistar, då kan vi ikkje leggje alle elvar i røyr. Det hadde vore katastrofe for Nundalen om den elva vart lagt i røyr.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.