Nynorsk mediesenter sin nettstad finn du her: www.nynorskmediesenter.no
- Dette er eit spanande prosjekt som eg vil følgja nøye, sa statsråden i Stortinget 4. mai i utgreiinga om NRK.
Svarstad Haugland har vore interessert i Nynorsk mediesenter frå fyrste gong ho høyrde om ideen, og ser det som eit av mange språkpolitisk tiltak. Føremålet med Nynorsk mediesenter er å fremja bruken av nynorsk i radio, fjernsyn og på Internett.
Viktig språkpolitisk rolle
I utgreiinga om NRK sa Svarstad Haugland at det ligg fast at begge dei offisielle målformene skal nyttast. - Minst 25 % av verbalinnslaga skal vera på nynorsk. Dette bør og gjelde teksting på TV. NRK sitt ansvar for nynorsk må også komma til uttrykk på deira internettsider og tekst-TV. Eg vil og minna om at NRK sine distriktssendingar har ei viktig språkpolitisk rolle i nynorskfylka.
Opplæring av nynorskpraktikantar
Styret i NRK har vedtatt at det skal opprettast ei kompetansesenter for nynorsk i Sogn og Fjordane. Senteret skal i fyrste omgang driva opplæring av seks til åtte nynorskpraktikantar i året. Neste steg er å utvikle det til eit nasjonalt nynorsk kompetansesenter, sa kulturministeren i Stortinget.